Rasma frå Litauen (t.v.) tok med seg veninna sine Milda og Sandra. - Eg er bra i norsk, men Milda og Sandra må øva meir. Då passar det bra å dra her, seier Rasma.
Rasma frå Litauen (t.v.) tok med seg veninna sine Milda og Sandra. - Eg er bra i norsk, men Milda og Sandra må øva meir. Då passar det bra å dra her, seier Rasma.

Tok veninnene med seg på språkkafeen

Overraskande mange fann vegen til språkkafeen i Kyrkjetunet måndag. Blant desse tre veninner frå Litauen.

- Eg har budd i Noreg ei stund og klarar meg fint reint språkmessig. Men veninnene mine, Sandra og Milda, treng eit spark bak for å bli betre, ler Rasma frå Litauen.

Dei to veninnene skjønte likevel såpass at dei forstod at Rasma erta dei lit.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me skal gå her og bli betre. Like god som Rasma, sa Sandra.

Lett og ledig

Det var ein lett og ledig stemning då Os Kyrkjelyd, i samarbeid med Os frivilligsentral, inviterte til den første språkkafe-kvelden i Kyrkjetunet måndag ettermiddag. Diakon i Os Kyrkjelyd, Jannike G. Rogne, var positivt overraska over det store frammøtet.

- Ein er alltid spent når ein dreg i gang nye ting som dette. Ein håpar jo at så mange som mogleg vil koma, men ein veit aldri, sa Rogne før kafeen opna.

Knut Inge Johnsen serverer kaffi medan Trygve Lillestøl (t.v.) er i gang med kaffipraten med eit par av gjestene.
Knut Inge Johnsen serverer kaffi medan Trygve Lillestøl (t.v.) er i gang med kaffipraten med eit par av gjestene.
Manar Alhashemi frå Syria har budd i Noreg i fire månader og pratar bra norsk. Han er med i arrangementsgruppa for språkkafeen.
Manar Alhashemi frå Syria har budd i Noreg i fire månader og pratar bra norsk. Han er med i arrangementsgruppa for språkkafeen.
Even Thomsen, Alexander Sandrød Svendsen, Anna Lilleåsen og Thea Margrete Svendsen.
Even Thomsen, Alexander Sandrød Svendsen, Anna Lilleåsen og Thea Margrete Svendsen.
Jannike G. Rogne ønskjer velkomen til den første språkkafeen i Kyrkjetunet. Velkomsten vart sjølvsagt "servert" på norsk.
Jannike G. Rogne ønskjer velkomen til den første språkkafeen i Kyrkjetunet. Velkomsten vart sjølvsagt "servert" på norsk.

Etter å ha sett 30-40 gjester finna vegen inn var ho både letta og glad.

- Dette er heilt supert. Betre frammøte enn me hadde våga å håpa på. Spesielt i lys av at dette er første gong, seier Rokne.

I tida framover skal det vera språkkafé, med fokus på norsk-språkleg prat annan kvar veke.

Ope hus-kafé

Dei er fem personar som skal ha æra for at språkkafeen no er blitt ein realitet.

- Me har hatt ei arrangementsgruppe som har førebudd denne kvelden. Dei som har vore med der er Trygve Lillestølen, Inger Eli Barmam, Manan Alhashemi, Knut Inge Johnsen og meg sjølv, fortel Rokne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men ein treng fleire frivillige når ein inviterer til "prat-norsk kafé".

- For at dette skulle fungera måtte me ha fleire frivillige norsk-talande personar. På denne biten har me fått hjelp frå frivilligsentralen. I tillegg har ein del frå kyrkjelyden og andre som ønskjer å hjelpa til, møtt fram, seier Rogne.

Ho presiserer at ein ikkje treng vera tilknytt kyrkjelyden eller frivillig-sentralen for å vera med og bidra.

- Dette er ein "ope hus"-kafé. Alle er velkomne, enten ein vil læra andre å snakka norsk, eller ein vil koma for å læra å snakka norsk, seier ho.

Uformell prat

Trygve Lillestølen tok «Os og Fusaposten» med på ein presentasjonsrunde like etter at Rogne hadde ønskt alle velkomne.

- Her er me samla mange menneske frå ulike kulturar. Så kan me prata om likskapar og ulikskapar over ein vaffel og litt kaffi, sa Lillestølen.

Manan Alhashemi frå Syria er ikkje i tvil om at slike treff vil hjelpa på det å læra seg norsk betre.

- Sjølv budde eg i Noreg i åtte månadrr før eg byrja å læra meg norsk, men då eg kom til Os vart det fart på sakene. Det har rett og slett med at her har eg funne fleire å prata med, seier Manan.

Artikkelen held fram under annonsen.

At han berre har brukt fire månader på å læra seg det norske språk så godt, må seiast å vera ein stor prestasjon. Manan vert nok eit godt førebilete for andre som finn vegen til språkkafeen i tida framover.