Her er Gudmund Snilstveit under ein løpetur tidlegare i vinter, under oppladninga fram mot mellom anna Ironman i Taiwan. (Arkiv
Her er Gudmund Snilstveit under ein løpetur tidlegare i vinter, under oppladninga fram mot mellom anna Ironman i Taiwan. (Arkiv

Tok bronsen i Taiwan

I natt gjorde Gudmund Snilstveit som han sa han ville gjera: Beviste at han var for lågt ranka ved å ta tredjeplassen i Taiwan.

På førehand var Snilstveit ranka som nummer seks i konkurransen. Han ville bevisa at dette var for lågt, og det klarte han. To autralske deltakarar var dei einaste som fullførte distansen på kortare tid, med Adam Gordon på andre plass berre eit halvt minutt før Snilstveit, medan Peter Kerr tok førsteplassen med ein margin på rundt fire minutt.  

 

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjende seg lett

Konkurransen han deltok i er kalla Ironman 70.3, og gjekk i Taitung i Taiwan i natt norsk tid. Namnet refererer til distansen og at det er eit såkalla halv-Ironman. Den består av symjetur i ein innsjø, etterfølgd a sykling og løping langs austkysten av øya som ligg i havet utanfor Kina. Det var i år sjette gong konkurransen blei arrangert i Taiwan.

Med bronsen i lomma er Snilstveit eit lite steg nærare målet om VM-deltaking.

- Eg har trena tungt inn mot konkuransen, men dei siste par dagane har vore rolegare og eg kjenner meg lett, skreiv han på Facebook-sida si dagen før konkurransen.

 

Spøkte om tempen

Snilstveit har sjølv uttalt at symjinga er hans akilleshæl innan Ironman-konkurransane, og dagen før konkurransen låg han ut denne spøkefulle meldinga:

- I arrived Taitung and Hell froze over. Vatnet bikka under dei magiske 22 gradene, noko som ikkje har skjedd her i nyare tid. I morgon blir da våtdrakt-symjing og 17 grader, med regn i lufta. Håper konkurrentane fryse pipen av seg på sykkel.

 

Måtte skaffa nytt hjul

Det som vart meir alvorleg for han i oppløpet fram mot konkurransen, var då han like før avreise fekk beskjed om at han ikkje kunne bruka platehjul på sykkelen sin, slik han brukar gjera. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Han hadde ikkje anna enn platehjul sjølv, og tydde til Facebook for å be om hjelp.

- Krise her no, fekk nett mail frå Taiwan. Platehjul er ikkje tillate. Nokon som har eit høgprofilhjul til låns, og kan stilla med det på Flesland rundt 17.00 i morgon? 

Heldigvis ordna det seg med nytt hjul i tide før flyet til Taiwan.

Gudmund Snilstveit og trenar Olav Aleksander Bu hadde på førehand ranka konkurransen i Taiwan som ei C-konkurranse, då han kunne ta opp mot 500 poeng som kan hjelpa han å få plass i årets VM. Seinare i sesongen kjem dei viktigaste konkurransene. Han hadde likevel trent knallhardt på førehand, og satsa hardt på gode resultat også her.