Renate Flatland og Frode Veim Haugland gler seg til laurdagens handbakstemne i AMFI Os.
Renate Flatland og Frode Veim Haugland gler seg til laurdagens handbakstemne i AMFI Os.

Ti osingar klare for Wal-kvaliken

Laurdag brakar det laus med stort handbakstemne i AMFI Os. Ti av deltakarane kjem frå arrangørklubben Os Hk.

Totalt 42 handbakutøvarar er påmelde til WAL-kvaliken (World Armwrestling League) i Os. Deltakarane kjem frå heile landet.

- Det er godt med klubbar som er representerte. Folk kjem frå Trondheim, Oslo, Fredrikstad, Skien, Lærdal, Granvik, Masfjorden og Bergen, fortel leiar i Os Ok, Frode Veim Haugland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gode utsikter

Kvalikstemne vil pågå store deler av dagen på ein opphøgd scene ved fontena i senteret.

- Eg håpar mange osingar finn vegen og at det blir litt stemning. Det er første gong me arrangerer eit stemne som dette i eit senter, så me er litt spente, seier Veim Haugland.

Han trur det er gode utsikter for at utøvarane i klubben vil avansera til neste runde.

- På dette stemnet vert det totalt fem klassar. Frå kvar klasse vil seks utøvarar få billett til neste kvalik-runde i Manchester i midten av mars. Med god utteljing kan nesten alle utøvarane våre gå vidare, trur Veim Haugland.

Flatland har regien

Då «Os og Fusaposten» skreiv om arrangementet første gong tidlegare i haust vurderte Frodes sambuar, Renate Flatland, sjølv å delta. Det har ho no gått bort frå.

- Ho droppar å bryta. I lag med landslagssjef David Eilertsen skal Renate ha hovudansvaret for arrangementet. Det vert nok travelt nok i seg sjølv, seier Frode.

Men kvinnelege utøvarar frå Os Hk vert det uansett.

- Både Andrea Drange og Lisbeth Fagerheim er klare for innsats, seier Frode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant gutane er åtte utøvarar klare.

- I tillegg til meg stillar, Tore Matre, Arne Thuen, Ronny Risøen, Are Strønen, Erlend Hjertholm, Eivind Bøe Johannessen og Per Kristian Helland. Me blir ein bra gjeng som forsvarar arrangørklubbens ære, konkluderer Veim Haugland.