Eg vil oppmoda alle til å tenkja sjølv og leita etter kjelder på internett. Det er mange bloggar som har gode artiklar. Det er der ein finn sanninga i dag.
Eg vil oppmoda alle til å tenkja sjølv og leita etter kjelder på internett. Det er mange bloggar som har gode artiklar. Det er der ein finn sanninga i dag.

Svar til Gunnar Kvåle om klimadebatten

Så er det på an igjen. Tilhengerane av FNs Klimapanel er stadig på farten for å feilinformera oss. Dette er alvorlig, sidan desse kan bidra til at mange blir førde bak lyset og trur at C02-utsleppa er menneskeskapte.

Denne gong er det ein av gjengangerane, Gunnar Kvåle, som ytrar seg. Han er mest kjent for sitt ønske om å knebla sine debattmotstanderar.

Les Gunnar Kvåles innleggher.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg viser til innlegg i Aftenposten 9. november 2014, der han ønsker at instituttleder ved UiS (Universitetet i Stavanger), skal ta avstand frå eit innlegg i klimadebatten frå ein av dei tilsette, Hans Berge. Til all lykke, vart han kontant avvist av Øystein Bøe ved UiS. Eg vil hevda at Kvåle sitt åtak på ytringsretten, er meir skadeleg for oss menneske, enn dei såkalla menneskeskapte C02-utsleppa.

Mange er skeptiske

Kvåle viser til Per Espen Stoknes si bok, der han skriv at Stoknes er forskar. Etter det eg veit er han psykolog og forfattar (har bl.a. gitt ut boka «Penger og sjel», som eg kan tilråda). Boka, som Kvåle viser til, er ikkje eit forskingsprosjekt, men ei subjektiv framføring og synsing.

Kvåle skriv at mange føler ubehag ved å ikkje gjera det vi veit er rett, og at det er uansvarleg og ikkje ta omsyn til dette. Eg føler ikkje noko ubehag og ikkje er eg uansvarleg, og eg er også eit etisk bevisst menneske. Ikkje trur eg heller, at mange andre, som ikkje godtar indoktrineringa frå FNs Klimapanel og dens tilhengarar, føler noko ubehag og er uansvarlege. Dessutan er vi mange, og ikkje få, som Kvåle hevdar, som er skeptiske til FNs Klimapanel. Tross alt utgjer vi 30% av Noregs befokning, og i enkelte andre land er det endå høgare (New York Times).

Skremmande

Eg vil heller visa til noko som blir kalla Milgram-eksperimentet (youtube.com/wattch?v=K9rzA4LOig), som viser at menneskets tendens til å bøya seg etter "autoritetar" er skremmande sterk. Forsøk viser at 80% av oss vil torturera andre dersom ein autoritetsperson fortalde oss at vi måtte gjera så. Når vi så veit at autoritetspersonar får uttala seg i massemedia, er dette alvorleg. Når vi også veit atmassemedia er ein av dei mest korrupte industriar på denne planeten, bør vi bli sterkt uroa (midtifleisen.wordpress.com).

Han skriv også at vi må snakka sant om klimaendringane. Ja, der er eg så einig, så einig. Men kva er sanninga? (Det er nok der "hunden ligger begravet"). Kvåle skriv berre halve sanninga når han utelet at det slett ikkje er semje om at klimaendringane er menneskeskapt. Det gjeld både forskarar, vitenskapsfolk etc. Tvert imot er skepsisen og motstanden stor, og i desse dagar er det komen ein ny organisasjon på banen. Den kallar seg CEXIT, der ei rekke vitenskapsfolk deltar.(Finansavisen 6.august i år). Hegnar sine publikasjonar er forresten ein av dei mest etterrettlege i klimadebatten. Kanskje fordi han eig desse sjølv, og ikkje blir styrt av andre.

Manipulering i stor stil

Kvåle skriv at 2015 var det varmaste året sidan temperaturmålingane starta. Sidan han ikkje skriv kvar han har sine opplysningar frå, er det vanskelig å kommentera dette. Dersom han har det frå FNs Klimapanel og deira samarbeidsorganisasjonar, vitnar dette om smal kjeldesøking. Eg viser her til KLIMAGATE for nokre år sidan, som var svært avslørande for klimapanelet (dakotavoice.com frå 18.12.2009).

Vi som arbeidar seriøst med dette, går til andre kjelder som viser bl.a. at FNs Klimapanel driv utveljing av data og manipulering i stor stil (apenbart.no). Når det gjeld 2015 som det varmaste året av alle, sit eg på heilt andre opplysningar enn dei Kvåle har - frå UAH (University of Alabama in Huntsville). Dette er målt med satellittar. Eg siterer, og dette er temperaturavvik frå normalen:

1) 1998 med 0,46

Artikkelen held fram under annonsen.

2) 2010 med 0,33

3) 2015 med 0,28

4) 2002 med 0,19

5) 2005 med 0,18

6) 2003 med 0,16.

Eg sit elles på tallause kjelder som viser noko heilt anna enn det som FNs Klimapanel og deira samarbeidsorganisasjonar viser, men det skulle vera unødvendig å visa fleire.

Eg skal gi Kvåle rett i at fossilt brennstoff fører til skader, men det er ikkje C02 som fører til desse skadane. Det er heilt andre stoff som gjer at astmapasientar blir sjuke. C02 utslepp fører ikkje til nokon fysisk sjukdom.

Eg vil oppmoda alle til å tenkja sjølv og leita etter kjelder på internett. Det er mange bloggar som har gode artiklar. Det er der ein finn sanninga i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ta miljøtrusselen på alvor. Men la "Vår Herre" ta seg av klimatrusselen.

Til slutte vil eg gjenta at eg ikkje føler noko ubehag med å ikkje godta at C02-utsleppa er menneskeskapt.

Hurra! Dommedag er avlyst.

Ha ein god miljødag.

Njål Eidhammer