Toril Myklebust Lie har strikka sidan ho var rundt åtte år gamal, og legg ikkje vekk strikkepinnane med det første.
Toril Myklebust Lie har strikka sidan ho var rundt åtte år gamal, og legg ikkje vekk strikkepinnane med det første.

Storstrikkar til små barneføter

To søstrer frå Kvinnherad inspirerte Toril Myklebust Lie til å strikka smålabbar til alle nyfødde i Os. Ho byrja for seks år sidan, og ser ikkje ut til å villa gje seg enno.

- Eg fekk ideen frå lokalavisa Kvinnheringen. Dei skreiv om to gamle søstrer som gjorde dette der. Dei hadde lyseblått og rosa garn og strikka små raggsokkar til dei som blei fødde i Kvinnherad. Eg syntest det høyrtest ut som ein flott måte å ynskja dei nye verdsborgarane velkomne på, seier Toril.

Blir sett pris på

Sokkane vert leverte til helsestasjonen. Helsesøstrene deler dei ut, anten når dei drar på heimebesøk eller når dei nyfødde besøkjer helsestasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Toril har ikkje sjølv vore med og delt ut sokkepara, men ho har møtt mange både på helsestasjonen og ellers som hugsar at dei har fått eit par og som har sett stor pris på merksemda.

- Eg trur dei nybakte foreldra synest det er ei kjekk helsing å få. Eg har fått nokre takkekort, og det er jo veldig koseleg.

Toril viser stolt eit kort med bilete av ei lita jente. På kortet står det "Tusen takk for de fine strikkesokkene jeg fikk da jeg ble født. Hilsen Anna".

Ingen sokkepar vert like. Toril bruker ulike fargar og mønster, slik at alle nyfødde i Os får kvart sitt unike sokkepar.
Ingen sokkepar vert like. Toril bruker ulike fargar og mønster, slik at alle nyfødde i Os får kvart sitt unike sokkepar.

Toril veit ikkje kven Anna er, bortsett frå at ho er ein av alle dei nyfødde osingane som har fått nyfødtsokkar.

- Eg blir veldig glad når eg høyrer at folk set pris på dette.

Unike sokkepar

Ingen sokkepar vert like. Toril brukar ulike fargar og mønstre.

- Eg har ikkje noko oppskrift eller noko sånn.

Sokkane vert lagt oppi ei lita eske slik at foreldra kan få velja. Nokre er litt store, nokre er bittesmå.

Artikkelen held fram under annonsen.

For Toril er det slett ikkje noko ork å strikka til alle dei nyfødde i Os, sjølv om det er mange sokkar som skal strikkast, faktisk må ho strikka nesten eitt par for dagen for at det skal gå opp.

- Det må jo vera nok til alle, smiler Toril og held fram:

- Det går litt tid, men det er sånn eg gjer når eg ser på TV, og når eg sit og slappar av. Eg kosar meg veldig med det. Det er eit utruleg koseleg arbeid.

Når det nærmar seg tomt for sokkar på helsestasjonen, ringjer dei Toril og seier ifrå. For Toril vil at alle skal få. I fjor eller forfjor gjekk det plutseleg tomt, og nokon sa at barnebarnet deira ikkje hadde fått sokkar.

- Då blei eg så lei meg. Plutseleg var det tomt. Det er ikkje alltid så lett å berekna. I sommar var det plutseleg ein boom. Talet fødde går opp og ned.

Meiningsfylt

Alt gjer ho utan å krevja så mykje som ei krone tilbake. Eit par gonger har ho likevel fått henta seg ein pose med garn på helsestasjonen. Då har dei hatt eit lite overskot frå svangerskapskurs eller liknande.

- Barnebarnet mitt på elleve seier "Du, besto, gjer du det gratis? Du kunne berre tatt ei krone per par, så hadde du nesten blitt rik".

Ho strikkar genserar til barneborna òg, så sokkane er berre slikt ho tek innimellom.

Artikkelen held fram under annonsen.

I byrjinga hadde ho hjelp i mor si på 81, men på grunn av senebetennelse, kan ikkje ho hjelpa til lenger. I staden trør ei venninne av mora til, ei dame på imponerande 92 år, som hjelper til med eit par labbar i månaden.

- Det kunne jo blitt ein dugnad dette. Eg kunne ha kontakta husflidslaget eller noko, men det går no greit. Om eg blir lei, får eg få tak i ein stab eller spørja nokon om dei vil ta over.

- Men no synest eg berre det er meiningsfylt. Vi må jo visa at vi set pris på dei nye osingane.

Strikkar vidare

Førebels ser ho ikkje ut til å villa gje seg. Ho fortel ivrig, og viser ferdigstrikka sokkar, sløyfer til å pynta sokkane, og litt anna hobbyutstyr som ho bruker til å laga små lappar til å festa på sokkane. På dei står det "Til lykke med den nye osingen".

- Det er ein veldig liten presang, men kanskje den likevel seier litt om at "ja, vi er velkomne her i Os», og at det blir sett pris på. I staden for at helsesøstrene berre skal spørja korleis det har gått og korleis det går med amminga, så får dei også ein liten presang. Ei lita helsing.

Ina Christine Eide