Svært mange barn og unge har denne sommaren funne vegen ut i i det opne rom for å leita etter Pokémon. Underteikna trur den "nye" sosiale arenaen er kjærkomen for ungdomen.
Svært mange barn og unge har denne sommaren funne vegen ut i i det opne rom for å leita etter Pokémon. Underteikna trur den "nye" sosiale arenaen er kjærkomen for ungdomen.

Sommaren då dei var ute

Uvanleg mange born og unge er observert ute i den verkelege verda denne sommaren. Flott sommarvêr er garantert ikkje årsaka.

Kan fenomenet «Pokémon Go» ha bidrege til at ein heil generasjon unge menneske har gjennoppdaga uteverda? Spørsmålet er sjølvsagt sett på spissen, men er likefullt relevant å stilla.

For tendensen er ikkje til å ta feil av. Det er fleire born og unge ute i gatene no enn tidlegare, og vêret er definitivt ikkje årsaka til at dei no i sommar har funne vegen ut under open himmel. Dei måtte lokkast med noko digitalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Ny sosial arena

Om det no er slik at Pokémon Go bidreg til at born og unge nyttar meir tid i den verkelege verda enn i den virtuelle verda, trur eg at spelet på sikt vil gje helsemessige gevinstar. Då tenkjer eg ikkje berre på det faktum at spelarane tråkkar kilometer etter kilometer rundt for eiga maskin, og på den måten får kjærkomen fysisk fostring. Nei, då tenkjer eg mest av alt på at born og unge no ser ut til å ha funne ein ny og god grunn til å møtast utandørs.

Som 1971-modell er eg kanskje i overkant nostalgisk med tanke på kva ein treng og har behov for i oppveksten, men eg kan vanskeleg tenkja meg at nye sosiale møteplassar utanom fotballen, handballen, skulemusikken og nettet kan vera anna enn ein samfunnsnyttig og sunt.

Det ser ikkje alltid like sosialt ut, men ungdomen er ute og i lag og har det moro.
Det ser ikkje alltid like sosialt ut, men ungdomen er ute og i lag og har det moro.

 

Gruppe-kjensle

I Os sentrum har eg observert ungdom i større grupper, to og to og ein og ein. Felles for samtlege er at dei kikkar på mobilen og orienterer seg eine og åleine etter den. Kritikarar vil hevda at denne noko underlege åtferda ikkje akkurat er sosial. Eg vågar å vera moderne nok til å seia meg ueinig.

For i tillegg til at dette spelet ser ut til å vera samlande for grupper og venegjengar, ser spelet ut til å vera eit ideelt samtaleemne, og ein fin "møteplass" for folk som ønskjer eller treng å utvida venekrinsen sin.

Dei har fått noko felles å prata om, ein inngang til ein uformell prat utandørs.

Gode, "kjedelege" stunder

Noko av dei beste minna eg har frå barndomen og ungdomen er då eg kjeda meg. Då eg enten i lag med ein kompis eller ei veninne tråkka gatelangs i håp om at noko skulle skje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse dagane då me rusla rundt utan mål og meining oppstod det ofte gode samtalar. Samtalar på djupare plan. Samtalar om verda, livet, framtidstru, frykt, glede, håp og draumar.

Eg trur samtalar som dette er viktige, og eg trur dei lettare oppstår i det opne rom.

No kan det godt innvendast at dagens ungdom har eit føremål og eit mål med denne Pokémon-jakta. Men eg trur likevel at samtalar som nemnd ovanfor lettare oppstår på denne nye sosiale arenaen.

 

Pokestops på hytta

Fysisk kontakt med andre menneske er ikkje til å undervurdera. Enten ein snakkar om venskap eller om kjærleik. Eg er framleis så gamaldags at eg trur at sjansen for å finna gode vener eller "den rette" er best når ein ser kvarandre i verkelegheita. Kontakt over nettet er bra, men mest som eit supplement til den daglege fysiske kontakten ein får ved å møta folk i direkte.

Pokemon Go er sikkert ikkje det einaste spelet som kan få born og unge meir ut, men PG-skaparane er dei første som har lukkast med dette i stor grad. Om det er dette som skal til, for å få ungdomen til å trassa vind og regn og bli betre kjent med kvarandre og staden dei bur, så helsar eg Pokemon Go og dens etterfølgjarar hjarteleg velkomen.

PS: Eg hadde elles gjerne sett at Pokémon-skaparane la ut nokre spennande pokestops i turområdet rundt hytta vår i Strandebarm. Gjer dei det, får me kanskje med oss 16-åringen vår også på helgetur.