Atle Kvåle (Ap) har vore varaordførar i Fusa i 12 år. No vert han ordførar. (Arkivfoto)
Atle Kvåle (Ap) har vore varaordførar i Fusa i 12 år. No vert han ordførar. (Arkivfoto)

Solid samarbeid på tvers

- Vi har reell tillit til kvarandre. Det seier komande ordførar i Fusa, Atle Kvåle (Ap), om samarbeidspartnarane Frp, KrF og V.

Torsdag vart det klart at Atle Kvåle vert ny ordførar i Fusa, at Magne Djuvik (Frp) vert varaordførar, og at Ap, Frp, KrF og V kjem til å arbeida tett i lag i åra som kjem.

I realiteten har dei fire partia prata saman i lang tid allereie, både før og etter at valresultatet vart klart.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det har vore eit godt samarbeid mellom dei fire partia i fleire år. I tillegg er dei menneskelege relasjonane på plass på ein veldig god måte. Vi er trygge på kvarandre, seier Kvåle.

Den komande ordføraren understrekar at tryggleiken i samarbeidet aldri var truga. Noko også den såkalla jokeren, Bjarte Samnøy (KrF), kan bekrefta.

- KrF hamna i ein posisjon der vi kunne velja mellom to ulike løysingar. Men eg er av den oppfatning at dei som tek oss på alvor før dei ser valresultatet, er meir truverdige enn dei som tek oss på alvor etter at resultatet er klart, seier Samnøy.

Bjarte Samnøy (KrF) meiner Ap, Frp, KrF og V har styringsvilje, og kan ta tøffe avgjerder i tida som kjem.
Bjarte Samnøy (KrF) meiner Ap, Frp, KrF og V har styringsvilje, og kan ta tøffe avgjerder i tida som kjem.
Den komande varaordføraren, Magne Djuvik (Frp), har stor tru på samarbeidet mellom dei fire partia.
Den komande varaordføraren, Magne Djuvik (Frp), har stor tru på samarbeidet mellom dei fire partia.
Gustav Folkestad representerer Venstre i denne perioden også.
Gustav Folkestad representerer Venstre i denne perioden også.

KrF-politikaren er oppteken av å ha flest mogleg røyster bak dei ulike vedtaka.

- Fusa kommune er i ein økonomisk krevjande situasjon. Då lyt dei som skal styra skuta ha styringsvilje. Det føler eg at vi har i denne gruppa, seier Samnøy.

- Stor tru på samarbeidet

Komande varaordførar, Magne Djuvik (Frp), fortel at dei fire partia har lagt grunnlaget for det som skal skje i denne perioden, i føregåande periode.

- Eg har veldig stor tru på samarbeidet. Partia har utarbeidd budsjetta til kommunen i to av fire føregåande år. Vi har jobba oss saman, og kjenner kvarandre godt, seier Frp-politikaren.

Prioritet 1 i det nye samarbeidet, vert ifølgje Djuvik, å få økonomien til Fusa kommune på rett kjøl. Det vert ein del tøffe tak i den samanheng, vedgår han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både Frp og KrF mister éin kommunstyrerepresentant kvar, samanlikna med førre periode. Likevel hamnar partia i posisjon.

- Det er aldri kjekt å mista representantar. Men dersom eg må velja mellom å vera del av ei stor Frp-gruppe, og å sitja i opposisjon, kontra det å vera del av ei mindre gruppe, og å vera i posisjon, så vel eg heller det siste, seier Djuvik.

Siste samarbeidspartnar er Venstre. Det lukkast ikkje «Os og Fusaposten» å få fatt i Gustav Folkestad, som vert partiets representant i kommunestyret.

- Overraska og skuffa

- Folket har talt, så enkelt er det, er Svein Lang (Sp) sin reaksjon på ordførarvalet.

Korleis situasjonen vert for Senterpartiet dei komande åra, ønskjer han ikkje å seia noko om før han har sett handlingsprogrammet til dei fire partia.

- Noko vert sikkert veldig bra, andre ting er vi truleg usamde om. Vi får berre venta å sjå, seier Lang.

Aud-May Boge (H) konstaterer at samarbeidet er noko Ap, Frp, KrF og V har kome fram til i fellesskap.

- Då er vi nøydde til å ta det til etterretning, seier ho og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Men eg er skuffa og overraska over at vi ikkje fekk høve til å koma i dialog med dei andre partia.

Høgre-politikaren fortel at ho er spent på korleis samarbeidet kjem til å utvikla seg.

- Partia jobbar vidare med forhandlingane. Det vert spennande å sjå kva som kjem ut av det. Det er nok nærliggjande å tru at dei kjem til å fremja eit forslag om å leggja ned skular, ettersom tre av partia har vore veldig tydelege på det i valkampen, trur Boge.

Kva Ap, Frp, KrF og V får ut av samarbeidet, synest Kvåle det er vanskeleg å seia noko om enno.

- Hovudfokuset vårt dei første åra, vert å finna det rette driftsnivået for Fusa kommune. Vi har mykje vi har lyst til å få til, både kvar for oss og samla, og tryggleiken i ein sunn driftsøkonomi vil gje oss mogelegheit til å gjera mykje innforbi dei områda vi ønskjer å satsa på, seier Kvåle.

Hovudfokus på Fusa

Då «Os og Fusaposten» intervjua ordførarkandidaten på nyåret, fortalde Ap-politikaren at partiet hadde ambisjonar om å auka talet på mandat i kommunestyret frå tre til fire. Seks mandat hadde han aldri drøymt om.

- Nei, det er heilt vilt. Det er veldig sjeldan at parti gjer slike hopp, seier Kvåle om oppgangen på 9,2 prosent.

Den komande ordføraren vedgår at partiets standpunkt i skulestrukturdebatten, var ein kalkulert risiko å ta midt i ein valkamp.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nokon likte det dei høyrte, andre ikkje, seier han.

Kvåle er også ein engasjert fylkespolitikar. Han håpar han får halda fram arbeidet i samferdsleutvalet, men fortel at han kjem til å takka nei til sentrale verv.

- Hovudfokuset mitt framover kjem til å vera Fusa. Samstundes er det heilt uvurderleg å vera del av fylkestinget, både med tanke på nettverk, kunnskap og høvet til å kunna påverka i viktige saker, understrekar han.

Kvåle har vore varaordførar i Fusa i 12 år.

- Kor lenge har du hatt augene på ordførarstolen?

- Du kjem sikkert ikkje til å tru meg, men eg har hatt eit veldig avslappa forhold til det der. Eg og Hans S. Vindenes er ulike typar, men vi har jobba veldig godt i lag, seier Kvåle.

Likevel kjem han til å organisera det politiske arbeidet i Fusa på ein litt annan måte.

- Eg kjem til å engasjera varaordføraren og planutvalsleiaren meir. Eg er oppteken av å ha gode folk med meg på laget, og gler meg til å styrkja toppteamet i Fusa kommune, seier den komande ordføraren.