Ole Bulls villa på Lysøen vert stadig betre besøkt.
Ole Bulls villa på Lysøen vert stadig betre besøkt.

Søkjer om midlar til omfattande brannsikring

KODE har søkt Os kommune om 500.000 til brannsikring av Lysøen.

- Med si særeigne plassering på ei øy og med den unike antikvariske bygningsmassen, vert Lysøen vurdert som særleg sårbar og med behov for oppgradering av sikringstiltak som møter dagens risikobilete, heiter det i søknaden frå KODE Kunstmuseene i Bergen, som driftar Lysøen.

Plasseringa på ei øy medfører at utrykkingstida for brannvesenet vert relativt lang, og ein har i samarbeid med ekstern ekspertise og i samråd med brannvesenet i Os, kome fram til ei rekkje sikringstiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein brannhydrant på den store kaien like nedanfor Ole Bulls villa og kafébygget er eitt av desse. I dag må 10-12 slangar hentast frå lager, rullast ut og koplast saman før ein har vatn tilgjengeleg. Med brannhydrant på plass vil ein klara seg med to-tre slangar for å få vatn opp til villaen.

KODE ynskjer i tillegg å installera sprinkleranlegg i kafébygget. Dette bygget ligg så nært villaen at ein eventuell brann fort kan spreia seg.

Røyk- og brannvarsling i bygga som står på det såkalla "gamle tunet" er tiltak nummer tre. Det er per i dag inga form for brannsikring i desse bygga.

Fasadebelysning

KODE har tidlegare investert store summar for å få på plass kameradekning av villaen og området rundt. Sju kamera er no knytt til KODEs vektsentral i sentrum, med døgnovervaking. Men for å få full utnytting av desse kameraa ynskjer ein no å investera i fasadebelysning.

- I tillegg til å betra sikringa og auka sjansen for å avdekka eventuelle kriminelle handlingar, vil dette også framheva villaen på kvelds- og nattestid, heiter det i søknaden til Os kommune.

Siste momentet i søknaden er ynske om å ferdigstilla landingsplassen for helikopter på Lysøen. Området som er tenkt nytta til landingsplass er alt rydda for skog etter rettleiing frå Luftambulansen.

- Ved fleire høve har det vist seg at ein landingsplass for helikopter er viktig. Seinast i sommar, då ein ATV velta, heiter det i søknaden.

Kostnadsoverslaget på tiltaka er 850.000.