John M. Tveit er byggjeleiar på Tysseanlegget frå Statens vegvesen. Biletet er teke på austsida av tunnelen i oktober 2014.
John M. Tveit er byggjeleiar på Tysseanlegget frå Statens vegvesen. Biletet er teke på austsida av tunnelen i oktober 2014.

Snart tid for opningsfest

Neste måndag vert det offisiell opning av Tysse-tunnelen. Tunnelen er 2.300 meter lang, og tek trafikantane frå Sætrevika i aust til Tysseelva i vest.

Dermed slepp ein å køyra gjennom Tysse sentrum, den siste flaskehalsen på fylkesveg 48.

- Målet med prosjektet er å avlasta Tysse sentrum for gjenomgangstrafikk på FV48, å utbetra den dårlege vegstandarden på strekkja og å gjera forholda for mjuke trafikantar langs FV48 og FV7 betre, heiter det på Statens vegvesen sine nettsider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opningsfesten finn stad ved tunnelens austre utløp. Fylkesordfører Tom Christer Nilsen får æra av å klippa snora. Deretter vert det folkefest på Samnanger ungdomsskule med kulturinnslag og grillmat.

I tillegg til å gje betre samband til Fusa og Kvinnherad, kan den nye vegen også vera eit alternativ dersom ein skal reisa austover via Odda.

Vegprosjektet vart starta vinteren 2013, og hadde i utgangspunktet ein prislapp på 430 mill. kroner. I dag er prisen 638 mill. kroner.

Hovudgrunnen til overskridinga er meirarbeid med store mengder lausmassar og sikring av terrenget.