At Fusa sokn truleg av vanvare har nytta kortforma Hålandsdal kyrkje, kan ikkje vektleggjast i denne samanhengen.
At Fusa sokn truleg av vanvare har nytta kortforma Hålandsdal kyrkje, kan ikkje vektleggjast i denne samanhengen.

Sluttreplikk om Hålandsdal(en)

Det kan reisast tvil om det er dekning for den informasjonen kommunen har gitt Språkrådet om kor sterk tradisjonen er for bruk av ubunden form, og at Språkrådet derfor har gitt si tilråding på feil premissar.

Først vil eg takka Erik Vangsnes for fyldig svar på lesarinnlegget mitt sjølv om det var lite i svaret som gav meg grunn til å endra meining. Me er tydelegvis nokså usamde om kor sterk lokal forankring den ubundne namneforma Hålandsdal har. Dei talrike reaksjonane eg har fått på innlegget mitt - både via nettet og ved direkte kontakt med folk i dalen - byggjer ikkje nett opp under bruk av ubunden namneform.

Det kan reisast tvil om det er dekning for den informasjonen kommunen har gitt Språkrådet om kor sterk tradisjonen er for bruk av ubunden form, og at Språkrådet derfor har gitt si tilråding på feil premissar. I utgangspunktet hadde dei jo motsett oppfatning. Det same gjeld i følgje avisreferat også det sentrale stadnamnregisteret. At Vangsnes greier lista opp nokre fleire døme enn eg hadde i mitt innlegg der ubunden form har vore nytta, endrar likevel ikkje på det faktum at det er den bundne forma som har hevd og i all hovudsak har vorte nytta. At Fusa sokn truleg av vanvare har nytta kortforma Hålandsdal kyrkje kan ikkje vektleggjast i denne samanhengen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg undrar meg også over at Vangsnes synest å meina at ubunden form er meir nynorsk enn den bundne - at vedtaket i 1917 om å endra Hålandsdalen til Hålandsdal skulle representera ei fornorsking. Fornorskinga her ligg vel i endringa frå herred til herad og ikkje i stadnamnet? Endinga -en er då ei normal bøyingsending av hannkjønnsord i nynorsk.

Så kan sjølvsagt Vangsnes visa til synspunktet som kom til uttrykk på folkemøtet i 2015. Men kor stort frammøte var det på det møtet? Og dermed: Kor representativt er dette for folkemeininga? Ikkje alltid har Fusa kommune følgt folkemeininga i namnespørsmål. Kommunen har eit sjølvstendig ansvar når dei treffer sine val. Det viktigaste er likevel at øvredalingane får eit adressenamn som er eintydig ikkje minst med tanke på utrykkingssituasjonar og postombering. Begge namneformene tilfredsstiller eit slikt krav.

Herleiv Rolfsnes