Det var viktig for Søre Neset-trenar Morten Asphaug å vinna bortekampen mot moderklubben hans Sotra. (Arkivfoto)
Det var viktig for Søre Neset-trenar Morten Asphaug å vinna bortekampen mot moderklubben hans Sotra. (Arkivfoto)

Slo moderklubben til trenaren

Som sotraværing og tidlegare Sotra-spelar var det viktig for Søre Neset-trenar Morten Asphaug at laget hans vann på laurdag. Det gjorde dei med solid margin.

Søre Neset-damene har igjen vore i aksjon i volleyball-serien denne helga. Førstelaget spelte to kampar. Andrelaget ein.

Sterk bortesiger

Først ut var andrelaget. Borte mot Gneist 2 gjekk dei på eit solid 3-0-tap laurdag. Trenar Asphaug var slett ikkje nøgd med innsatsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då gjekk det langt betre med førstelaget som spelte borte mot Sotra.

Sotraværingane rykte ned frå 2. divisjon i fjor, og er venta å vera blant førstelaget til Søre Neset sine argaste konkurrentar om å vinna 3. divisjon denne sesongen.

For trenar Morten Asphaug var kampen viktig også på andre måter. Trenaren voks opp på Sotra, og spelar og dømer for klubben den dag i dag.

Men Søre Neset-jentene såg ikkje ut til å lata seg stressa av ramma for kampen. Dei gjekk uredde til verks og tok respektlaust heim det første settet med sigeren 25-23.

Andre settet vart like jamt, men også denne gongen var det bortelaget som drog det lengste strået med 26-24-siger.

I tredje settet viste Søre Neset-jentene at sigrane i dei to føregåande setta ikkje var tilfeldige. Med 25-16-siger sikra dei ein fortent 3-0-siger borte mot Sotra.

Ujamn i prestasjonane

Måndag spelte førstelaget ny kamp heime mot Møhlenpris. Kampen i Nore Neset-hallen vart utfordrande, men aldri spesielt spennande.

- Med Vibeke Ingebrigtsen og Ingrid Tombre borte måtte me omrokkera litt på laget og henta opp to spelarar frå andrelaget. Dei fekk ei kjapp innføring i systemet vårt og klarte seg greitt. Men sjølv om me vann, sleit me stundom ein del med angrepsspelet. Altfor mange avslutningar gjekk i nett eller ut. Dette må me jobba meir med i tida framover, seier Morten Asphaug.