Slik gjekk det då drakebåtfestivalen vart arrangert for første gong i fjor. Store bølgjer og fulle båtar var ein mildt sagt utfordrande kombinasjon. Mange kom seg ikkje til startlina ein gong før dei hamna i vatnet. (Arkiv
Slik gjekk det då drakebåtfestivalen vart arrangert for første gong i fjor. Store bølgjer og fulle båtar var ein mildt sagt utfordrande kombinasjon. Mange kom seg ikkje til startlina ein gong før dei hamna i vatnet. (Arkiv

Slepp draken laus igjen

Drakebåtfestivalen på Osøyro vart ein våt affære for deltakarane for eitt år sidan. Primus motor David Genius uroar seg likevel ikkje over helgas vêrmelding.

- Når vi klarte å gjennomføra festivalen i fjor. Klarar vi å gjennomføra kvar tid som helst. Vi har erfart at det går an å padla i motbakke, seier han og legg til:

- Det er meldt betre vêr i år enn i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag går drakebåtfestivalen "Dragen er løs" av stabelen på Osøyro for andre gang. Oppskrifta er den same. Vêret forhåpentlegvis eit heilt anna.

- Det vert opptog frå grusplassen i sentrum tre kvarter før roinga startar. Deretter vert det kapproing og premieutdeling før festen held fram i teltet og på Solsiden, fortel arrangør David Genius.

Utfordrar Os kommune

Førebels har ti lag meldt seg på i konkurransen. Konferansier vert drakebåtadmiral Rune Nilsen. Målet er å laga ein skikkeleg folkefest i hamna.

Arrangør David Genius har eitt viktig tips til dei som skal i elden på drakebåtfestivalen på laurdag. - Ver samkøyrte! seier han. (Arkiv
Arrangør David Genius har eitt viktig tips til dei som skal i elden på drakebåtfestivalen på laurdag. - Ver samkøyrte! seier han. (Arkiv

- Vi har diverre hatt litt fråfall så det er framleis mogleg å melda seg på, seier Genius, og sender ei ekstra oppmoding til dei som har arbeidsstaden sin på kommunehuset.

- Vi har ikkje høyrt noko frå Os kommune enno, men vi ventar jo at når vi kjem heilt frå Askøy til Os for å laga fest så tek dei tilsette på kommunehuset og politikarane utfordringa og melder seg på.

Tipset hans til dei som skal til pers er å vera samkøyrte. I båtane er det vanlegvis ti roarar og ein som har i oppgåve å tromma takten.

- Det er viktig å jobba saman. Om dei på høgre sida ror hardare enn dei på venstre sida, svingar båten, og det er stor fare for at alle byrjar å kjefta på den stakkars styrmannen, seier Genius.

Ny festival

Arrangøren fortel vidare at i år som i fjor, vert det delt ut pris til laget med dei beste kostyma, laget som er "best in show" og til fiaskolaget. Laget som går til topps i konkurransen kan dessutan smykka seg med vandrepokalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg håper alle stiller med godt humør i hamna på laurdag. Vi lét oss ikkje skremma av at osingane brukar litt tid på å melda seg på. Vi har allereie planlagt at vi skal arrangera drakebåtfestival på Os den siste helga i august til neste år også, fortel Genius.

Og for dei som lurte. Ifølgje yr.no vert det 15 grader og overskya på konkurransedagen. Regnet ser ut til å løya innan klokka 14.