I Oseana 10. november drøfta politikarar frå kommunane rundt Bjørnefjorden ei eventuell samanslåing.
I Oseana 10. november drøfta politikarar frå kommunane rundt Bjørnefjorden ei eventuell samanslåing.

Signal frå regjeringa pustar liv i ny Bjørnefjordskommune

Regjeringa tek truleg fram kortet som får samanslåing i bjørnefjordsregionen til å framstå som mindre av ei frivillig sak.

Med referanse til«Os og Fusaposten» sitt intervju med ordførar Atle Kvåle i november, skreiv Bergens Tidende 22. november ein leiar med tittelen "Kommunefloppen". Der var hovudpoenget at regjeringa har svikta kommunereforma når politikarar som Kvåle framleis ikkje ser økonomiske fordelar med å slå seg saman.

Då Fusa, Os, Austevoll og Tysnes haddefelles kommunestyremøte i Oseana 10. november, vart det jamvel konkludert med at dei fleste samanslåingsalternativa vil bety tap. Men no kjem det to signal frå regjeringshald som kan gje store økonomiske konsekvensar for små kommunar avhengig av korleis dei svarer på kommunesamanslåingsspørsmålet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir ugunstig å vera liten

Tysdag denne veka kom ein lekkasje frå det pågåande arbeidet med å endra kommunane sitt inntektssystem. Den går ut på at regjeringa planlegg å fjerne basistilskotet til småkommunane samt småkommunetilskotet. Desse er i snitt på 12 mill. kroner og 5 mill. kroner.

- Då strammar regjeringa betydeleg inn i forhold til småkommunar som ein kan definera som "frivillig små". Tenk på kva det vil bety for ein kommune som Fusa å mista 12 mill. kroner i ein allereie tøff økonomisk situasjon, seier Os-ordførar Terje Søviknes. Han viser til Magne Djuvik sin kommentar nyleg om atFusa er millimeter frå Robek-lista(lista over kommunar utan berekraftig drift).

- Vil vera dramatisk for Fusa

Til «Os og Fusaposten» gjev varaordførar Magne Djuvik Søviknes rett i at dersom dette skjer, vil Fusa bli endå dårlegare stilt.

- Dersom basistilskotet forsvinn, vil det få dramatiske følgjer for Fusa. Me held no på med å endra skulestrukturen i denne budsjettrunden. Forsvinn ytterlegare 12 mill. kroner, må me justera driftsnivået endå meir, seier Djuvik.

- Vert det då meir attraktivt for Fusa å aktivt søkja etter kommunar å slå seg saman med?

- Ja, eg meiner at Noreg treng større einingar for å ha økonomi til å driva gode tenester. Det meiner eg nesten uavhengig av basistilskotet, for det er trongt alt i dag. Me i Noreg bruker veldig mykje pengar på å administrera eit folketal som trass alt ikkje er enormt stort, seier Djuvik.

- Bjørnefjordskommunen mest aktuell

- Er det då Os og Tysnes som vert mest attraktive?

- Kvam og Samnanger-alternativet er no vekke, så Bjørnefjords-alternativet - i ein eller annan fasong - er det mest realistiske no, seier Djuvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ordførar Terje Søviknes, i Os har dei fleste ønskt å halda på kommunen som han er?

- Ja, men me har også signalisert at dersom det er kommunar som har sterke ønske om å slå seg saman med oss, står døra vår open for å føra den dialogen vidare. Omsynet til at Fusa og Tysnes vil få store økonomiske utfordringar må vega tungt. Det er i alle fall inga tvil om at dette vil gje ny fart på kommunereforma, seier Søviknes.

Lobbyverksemd nådde fram

Det andre signalet som no er kome frå regjeringshald kjem i respons på noko som Os har meldt inn i kjølvatnet av rapporten frå Telemarksforskning.

- Dei peikte på det urimelege i at ein nyfusjonert kommune (t.d. Os, Fusa og Tysnes) vil mista ein del av vekstkommunetilskotet. Dette har eg teke opp i ulike fora i haust. I ordførarkollegiet, gjennom KS, overfor statssekretæren i kommunal- og moderniseringsdepartementet, samt direkte overfor Helge André Njåstad (leiar for Stortingets kommunal- og forvaltningskomité), seier Søviknes.

Desse kontaktane har ført til at regjeringa og støttepartia i Kommunal- og forvaltningskomiteen nyleg la inn ei føring for behandlinga av Statsbudsjettet som skal motverka dette:

Merknaden frå komiteen

"Desse medlemene viser til at sidan vekstkommunetilskotet er basert på prosentvis vekst, vil det oppstå ein utilsikta effekt dersom ein vekstkommune i kommunereforma slår seg saman med ein nabokommune utan vekst. Den delen av kommunen som har vekst vil ha same utfordring som før, men slik tilskottet i dag er innretta, vil slike døme koma dårlegare ut økonomisk etter kommunereforma. Desse medlemene meiner det ikkje er tilsikta, og ber regjeringa sjå på modellar for å hindra det slik at dette ikkje vert eit argument mot elles fornuftige og ønska kommunesamanslåingar."

- God økonomi frå første dag

- Dette tyder f.eks. at ein samanslått kommune beståande av Os, Fusa og Tysnes vil få behalda 5 mill. kroner ekstra gjennom inndelingstilskotets verkeperiode på 15 år (5 mill. x 15 = 75 mill. kroner). I tillegg kjem ein nedtrappingsperiode frå år 16 til 20). Ei samanslåing vil dermed få ein direkte positiv økonomisk effekt frå første dag, seier Søviknes.

- Men etter 20 år er ein tilbake til utfallet Telemarksforskning har rekna på, nemleg at ein vil ha færre inntekter samla sett?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, men etter så lang tid bør ein ha hatt god tid på å henta inn effektiviseringsgevinstar gjennom felles administrasjon og liknande, seier Søviknes.