Heile ti prosent av Strandvik-bygda var i Kristiansand i helga for å støtte U15-laga i NM.
Heile ti prosent av Strandvik-bygda var i Kristiansand i helga for å støtte U15-laga i NM.

Sette Strandvik på kartet

Ti prosent av Strandvik-bygda reiste til volleyball-NM i Kristiansand i helga. Begge u-15-laga var representerte, og særleg gutane imponerte stort.

- Ein vellukka meisterskap, med solid innsats av gutane. Dei presterte så godt som dei kunne prestera, og fekk maksimalt ut av meisterskapen, seier trenar Kåre Mol, og held fram:

- Gutane er ikkje gode nok til å vinna NM, men om dei ikkje hadde vore på topp prestasjonsmessig, kunne dei fort blitt nummer 10, 16 eller 20. Difor var det veldig kjekt å sjå at dei presterte som dei gjorde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Imponerte stort

Etter å ha slått sterke lag som Haugesund og Sarpsborg i gruppespelet, og Førde i 8-dels-finalen, skulle Strandvik få bryna seg på ein av favorittane, Nyborg.

- Her blei gutane eit nummer for små, og fekk ikkje til det gode spelet frå innleiingskampane, og tapte 2-0, seier Kåre.

Gutane kom tilbake i siger-sporet mot Tromsø, og møtte Tønsberg i kampen og 5.- og 6.plass.

Jentene hamna i b-sluttspelet, og til slutt hamna dei på 21. plass.
Jentene hamna i b-sluttspelet, og til slutt hamna dei på 21. plass.
Gutane hadde god grunn til å vera nøgde etter ein flott meisterskap.
Gutane hadde god grunn til å vera nøgde etter ein flott meisterskap.

- Gutane spelte ein flott avslutningskamp i Gimlehallen, men diverre klarte dei ikkje å ro i land sigeren.

Tøff motstand

I forkant av meisterskapen, var jentene litt usikre på kva motstand som venta dei.

- Dei har berre spelt mot lag i sin region, og vi visste ikkje heilt kva motstand som venta. Det var eit høgt nivå, seier trenar Merita Mol.

Jentene var uheldige med gruppa si, der dei møtte to sterke lag.

- Vi blei nummer 21 av totalt 24 lag, seier trenar Merita Mol og legg til at dei fort kunne ha klart ei betre plassering.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fleire av laga som hamna framfor oss er lag som vi har slått tidlegare, så om vi hadde vore litt meir heldig med motstandarane, kunne det fort ha blitt ein betre plassering.

Trått mot Austrått

Jentene fekk æra av å opna meisterskapen mot Austrått. Der blei det tap trass godt spel. Det var melodien for jentene i meisterskapen, som etter ei tapsrekkje enda i B-sluttspelet.

- Der møtte vi Sandnes. Det var aldri noko tvil om kven som var best. Vi feide over dei til stor jubel og sambarytmar frå heiagjengen på tribunen.

Siste plasseringskamp gjekk mot Tønsberg og tidlegare Strandvik-jente, Gina Kvåle Istad.

- Vi hadde fleire småsjuke jenter på banen, og kjempa tappert, men tapte til slutt 2-0.

- Ein flott og lærerik meisterskap for jentene. Forhåpentlegvis har dei fått god motivasjon med seg heim til treningsarbeidet. Neste år er vi attende endå sterkare, seier Merita.

Sosial happening

Volleyball-trenaren er takksam for at så mange lokale verksemder er med og støttar idrettslaget.

- I tillegg til å sponsa, er dei med og støttar laga i kamp. Fleire av sponsorane var med til Kristiansand seier Merita og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var ein veldig positiv tur for Strandvik volleyball. Det var i tillegg til sponsorar, mange foreldre og søsken som tok turen. Det blei ein fin sosial happening.