Osmarka er ein tumleplass for borna som veks opp i sentrum, skriv Hans Ingebrigtsen. (Arkiv
Osmarka er ein tumleplass for borna som veks opp i sentrum, skriv Hans Ingebrigtsen. (Arkiv

Så skjer det igjen!

Må ein driva flathogst og bygga skogsbilveg i Osmarka? Kan det verkeleg vera økonomisk vinning i denne vesle teigen? Kan politikarane våre stansa vidare utbygging i Osmarka?

Oppdatert: Statsskog var i førre versjon av dette innlegget omtalt som grunneigar, og adressert i ingress. Dette stemmer ikkje. Det er Opplysningsvesenets fond som er grunneigar. Me orsakar feilen. (Red.mrk)

Eg hadde dette lesarinnlegget på trykk i Os & Fusaposten i oktober 2011. Etter mitt syn er innlegget like aktuelt idag:

Artikkelen held fram under annonsen.

Utbygging i Osmarka

Så skjer det igjen. Ostehøvelprinsippet blir brukt på den siste skogflekken vi har i sentrum. Eg kan godt forstå at grunneigarar vil selja tomteland, men eg er ikkje villig til å forstå politikarar som går inn for at ein skogteig som ligg sentralt med tett busetnad rundt, skal byggjast ned.

No kan eg sikkert skuldast for å vera ein nostalgisk romantikar, som sjølv var heldig

å få veksa opp med Osmarka som "leikeplass". Fekk òg vera far, og ta barn og nistepakke med og byggja barhytte i Osmarka. No har eg òg fått mine første turar i skogen med barneborna mine.

Sjølv om eg er "storbrukar" av Osmarka, vil eg ikkje at dette skal vera eit innlegg i debatten om å verna denne skogen av eigne interesser. Eg vil heller peika på Osmarka som tumleplass for borna som veks opp i sentrum i dag. Skogteigen som ligg så nær barnehagane og skulane at han kan nyttast til tur og fag utan lang planlegging og busstransport.

Frå mi tid som lærar på Os ungdomsskule, kunne eg registrera korleis timane i skogen og ved elva kunne motivera og inspirera, når teiknetimen t.d. handla om natur. Det var langt frå det same å sitja inne og teikna naturdetaljar. Reknar med at naturfaglærarane såg det same.

Endå sterkare merka eg innsatsen dei fleste elevane la i kroppsøvingstimane vi kunne ha i Osmarka. Når vi kunne gå frå gateorientering til skogsorientering, klaga dei sjeldan på at det var for vått og sørpete i haustskogen. Dei stod på, gløymte ofte friminutt og kunne vera vanskelege å få med inn igjen til skulen.

Dette var ikkje berre ein fysisk aktivitet, men når elevane fekk taket på å ta seg fram etter kart og kompass, var det sikkert ved sida av symjing, det nyttigaste dei kunne læra i kroppsøvinga.

Det var mange osingar som var kritiske då det blei laga trav-treningsbane i Osmarka. Eg tenkte òg på dette, då vi på ungdomsskulen fekk lov å laga ein grussti frå Sveo og inn mot "hesteløypa". Det blei brukt ein del kroppsøvingstimar og litt dugnadsjobb av lærarane då stien blei laga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mine tankar om prosjektet "ta vare på skogen/ta skogen i bruk" var òg litt delte.

Eg blei overtydd om at dette var bra, då vi allereie medan vi jobba med dette, fekk

glade meldingar frå eldre, som no kunne bruka skogen sjølv om kroppen skranta. Eg har også i ettertid fått mange positive meldingar. Lærar Kongsvik som var "bas" for stiprosjektet og alle elevane som trilla grus i kroppsøvingstimane, fortener ros for jobben.

Sidan eg er ein av dei som brukar Osmarka mykje, og heile tida møter trimmarar der inne, vil eg stilla politikarane våre dette spørsmålet: Bør vi ta oss råd til å behalda det som er igjen av Osmarka til opplæring og rekreasjon for små og store?

 

Hans Ingebrigtsen