Det er neppe ein øydelagd skjergard i Øyane og eit kryss med på- og avkøyring ved Ulvenvatnet/Svegatjønn som er avgjerande for om det vert vekst og utvikling i Os, skriv Kjell Harald Lunde.
Det er neppe ein øydelagd skjergard i Øyane og eit kryss med på- og avkøyring ved Ulvenvatnet/Svegatjønn som er avgjerande for om det vert vekst og utvikling i Os, skriv Kjell Harald Lunde.

Retoriske krumspring

Fleirtalskoalisjonen i Os kommunestyre er utrulig drivne i å nytta retoriske grep for å vri seg unna å svara på realitetane i brusaka: Kvifor går dei med entusiasme og med opne auge inn for ei løysing som vil gje store, ubotelege inngrep i skjergarden i Søre Øyane? Debatten i kommunestyremøtet og intervju i Vestlandsrevyen var illustrerande i så måte, skriv Kjell Harald Lunde.

LESARBREV: Bru-entusiastane gav inntrykk av at det ikkje var eit seriøst alternativ for kommunestyret å seia nei til brua ettersom Vegvesenet har sendt ut ein plan om bru til høyring, og det var innspel til desse planane dei bad om. Det er feil å sjå det slik. Det er openbert at kommunestyret kunne konkludera med at planane er uakseptable, og kunna gjera vedtak om det. Vedtaket ville følgja saksgangen som eit varseldokument.

Det er enno ikkje gjort vedtak om at brua skal byggjast, berre utgreiast. Det kan tenkjast at det etter kvart kjem opp så mange argument som tel imot (høge kostnadar, umogen teknologi, nedskalerte trafikktal, redusert samfunnsøkonomisk gevinst m. m.) at det kan verta aktuelt å leggja bort saka. Ei eintydig lokal motstand mot prosjekt med god allmenngyldig argumentasjon vil ha sitt å seia for dei som sit på Stortinget og skal ta den endelege avgjerda.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os kommune ville ikkje ha sett seg sjølv på sidelinja i den vidare prosessen ved eit nei. Kommunen vil like fullt få delta i den vidare dialogen med Vegkontoret.

Vi er blitt høyrt

Gustad Bahus sa i kommunestyret at Os kommune er blitt høyrt. Ein oppsiktsvekkjande påstand. Os kommunestyre gjorde i 2013 eit vedtak om at ilandføring av brua ikkje skulle skje i Øyane, men på Bjørnatrynet. Vegkontoret går for ilandføring i Søre Øyane. Os er ikkje høyrt - men overkøyrt. Gustav Bahus sa også at Søre Neset er spart for ein ny firefelts veg. Men var det ein veg i dagen som låg i vedtaket om bru-ilandføring på Bjørnatrynet? Folk flest trudde nok at kommunestyret meinte tunnel mellom Bjørnatrynet og Svegatjønn.

Utvikling og vekst

Espen Aspenes argumenterte for ja til bru fordi han vil ha utvikling og vekst i Os-bygda. Var det underforstått at brumotstandarane ikkje ønskjer det? Det er neppe ein øydelagd skjergard i Øyane og eit kryss med på- og avkøyring ved Ulvenvatnet/Svegatjønn som er avgjerande for om det vert vekst og utvikling i Os. Nærleiken til Bergen, tilrettelegginga av Endelausmarka og samkvemmet over Fusafjorden når kommunesamanslåinga er ein realitet, vil ha mykje meir å seia.

Turistnæringa vert i mange samanhengar peika på som ei viktig vekstnæring her til lands. Utvikling av turistnæringa i Os vil neppe få særleg drahjelp av bruprosjektet. Det turistane får med seg av Os-bygda, er ein kilometer i dagen med fartsgrense på 110 km i timen, med ei avkøyring og ei påkøyring. Som ligg mellom to tunnelopningar - mellom Liafjellet og Svegatjønn.

Sjikane

Både i kommunestyret og på tv vart det gjort eit nummer av at bru-tilhengarar i kommunestyret er utsette for sjikane. Sjikane og ufin personharselering er ein uting. Men omtalen av dette tok litt av fokus vekk frå det som diskusjonen i kommunestyret skulle dreia seg om: Er bru ei god løysing for Os?

Demokratisk underskot

Det er hevda at bruprosjektet over Bjørnafjorden lir av demokratisk underskot. Det er sant. På ein ferjetur 28. juli 2013 mellom Halhjem og Sandvikvåg bestemmer Erna Solberg (H) og Knut Arild Hareide (KrF) seg for å koma med eit valkamp-utspel dei visste ville gi sterke føringar for den politiske prosessen vidare. Dei lover oppstart av brua over Bjørnefjorden i 2018. Dette utspelet kjem dei med vel vitande om at dei teknologiske løysingane enno ikkje er funne, dei reelle kostnadane er ukjende og konsekvensane er mangelfullt utgreidde. Det er uskjøneleg at to seriøse politikarar pensa eit så svært prosjekt inn på eit bestemt spor på eit så tynt grunnlag.

Men om føringane ligg der, er det enno ikkje gjort vedtak om bygging. Eit slikt vedtak er det eit framtidig storting som skal fatta.

Kjell Harald Lunde