Det var god steming då Lysefjorden Mikrobryggeri inviterte publikum med på dugnad på Ulven.
Det var god steming då Lysefjorden Mikrobryggeri inviterte publikum med på dugnad på Ulven.

Plukka pors med publikum

Lysefjorden Mikrobryggeri treng store mengder av urta pors for å produsera nok av ølet Slaget på Vågen. Difor inviterte dei publikum med på plukking måndag.

Benjamin Søgnen Olsen

benjamin@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ølet har fått mykje merksemd den siste tida, og me treng pors slik at me ikkje går tom i vinter, sa salsansvarleg i Lysefjorden mikrobryggeri, Camilla Brekke Dalland, sist veke då dei tipsa om arrangementet.

Måndag, på sjølvaste valdagen, var 13 plukkarar i sving på Ulven.

- Det var litt dumt at det krasja med valdagen. Det var ein del som ikkje hadde høve til å vera med, fordi dei skulle røysta og var elles opptekne med valet, seier Dalland.

Ordførar Terje Søviknes tok turen på valdagen for å plukka pors saman med dei lokale bryggjarane.
Ordførar Terje Søviknes tok turen på valdagen for å plukka pors saman med dei lokale bryggjarane.

Kortreist mat og drikke

For dei lokale bryggjarane er det viktig å inkludera publikum. Det var òg ein av grunnane til at dei ønskte å gjera pors-plukkinga til eit mini-dugnadsarrangement.

- Me ønskjer å treffa, og utveklsa erfaringar med publikum. Det trur eg er nyttig både for oss, og dei som er interesserte i godt øl, seier ho.

På Ulven plukka dei kortreiste ingrediensar for å laga kortreist øl. I tillegg hadde kortreist mat.

- Me har stort fokus på samspelet mellom mat og drikke. Det er ikkje noko som er betre enn å kunna bruka ingrediensar frå heimkommunen, seier Brekke Dalland.

Ordføraren stilte i dress

Torstein Hatlevik frå Haaheim Gard tok turen. Med seg hadde han luren, og blåste i gang plukkinga. Ordførar Terje Søviknes stilte opp på valdagen iførd dress.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han byta sko, slik at han gjekk i full dress og støvlar. Det såg ut som at han kosa seg på valdagen, seier Brekke Dalland.

Gav meirsmak

Det var kanskje ikkje så mange plukkarar til stades som arrangøren hadde håpa på, men dei fekk ein fin dag saman med publikum.

- Det var kjempekjekt, og aboslutt noko me kan finna på å gjera i framtida også, seier Brekke Dalland.