Gerd Jorunn Øvrebø (Tidlegare Lygre) hadde ingen problem med å kjenna att familien på biletet på framsida til Os og Fusaposten.
Gerd Jorunn Øvrebø (Tidlegare Lygre) hadde ingen problem med å kjenna att familien på biletet på framsida til Os og Fusaposten.

På førstesida med 78 år gamalt bilete

Gerd Jorunn Øvrebø skvatt godt til då fetteren ringde og fortalde at ho var på førstesida av Os og Fusaposten onsdag.

78-åringen frå Os kunne vanskeleg tenkja seg nokon god grunn til at nettopp ho skulle vera på førstesida av lokalavisa. Ho trudde fettaren skjemta, men der tok ho feil.

- Du får henta avisa og sjå då, humra fetter Torolv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dåpsbilete

Då 78-åringen bretta ut avisa og såg biletet i toppen, vart ho nærast rørt. Det gamle familiefotografiet i svart/kvitt hadde ho nemleg førstehands kunnskap om.

Onsdag tok ho turen til lokalavisa.

- Eg ser kulturkontoret i Fusa ønskjer hjelp til å finna utkven som er på dette biletet her. Det kan eg fortelja dykk. Det er familien Lygre. Det veit eg heilt sikkert, for dette biletet er nemleg frå dåpen min, ler Gerd Jorunn.

- Etter det eg hugsar var dåpen min ein gong i april. Ettersom eg er 78 år, er altså biletet også så gamalt, legg Gerd Jorunn til.

Stor familie

78-åringen har budd i Os sidan 1965, men er fødd og oppvekse i søre Fusa.

- På biletet står me framfor bestemora mi, Kristi Lygre, sitt hus. Dette er gardshuset hennar på Lygre, der me budde i fleire år, fortel ho.

På biletet sit ho på fanget til mor si, Hilda. Resten av sju-manns-familien er frå venstre: Hogne, Trygve, Hans, Johannes (Titten) og Kåre. Framme ved sida av mor Hilda og Gerd Jorunn, far pappa Nils og sonen Audun.

Etter dette bilete fekk familien ein son/bror til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fotografiet er teke av bygdefotografen Einar Sundvor.

- Eg har dette bilete sjølv også, men det var veldig kjekt å sjå det igjen i denne samanhengen. Eg har forstått det slik at kulturkontoret har funne fleire bilete frå Lygrepollen og området rundt teke av Einar Sundvor. Kan henda kjenner eg att nokon på dei andre bileta også, avsluttar Gerd Jorunn.

Os og Fusaposten har formidla kontakt med kultureininga i Fusa.