Svein Arne Marcelius kjente sjølv på saknet av kafeen då Engeline stengde ned før jul i fjor. Det gler han stort at mange har kjent på det same. Besøket i helga var over all forventning.
Svein Arne Marcelius kjente sjølv på saknet av kafeen då Engeline stengde ned før jul i fjor. Det gler han stort at mange har kjent på det same. Besøket i helga var over all forventning.

Overgjeven over responsen

Det var smikkfullt då Engeline Café opna dørene igjen laurdag. Svein Arne Marcelius er overgjeven over den positive responsen.

- Det er tydeleg at gjenopninga er populær. Laurdag var det kø i døra. På eitt tidspunkt hadde me rett og slett ikkje plass til fleire, fortel Svein Arne Marcelius.

I lag med broder Sverre Marcelius og Terje Hatvik har han teke over lokala i første høgda i Buggegården. Planen er å få Café Engeline skikkeleg på fote igjen, og etter kvart utvida tilbodet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Betasuppe og kjentfolk

Utan å ha annonsert opninga andre plassar enn på Facebook opna brørne Marcelius og Hatvik kafeen igjen laurdag. Med ein enkel meny beståande av betasuppe, hamburger og noko søtt å bita i, lokka dei til seg både gamle og nye kundar.

- Folk kom i hopetal, og responsen var den same frå samtlege: "Herleg at de har opnar kafeen igjen. Dette er ein plass osingane treng", hermar Marcelius.

Ekstra kjekt var det at så mange kjentfolk stakk innom.

- Os er ei lita bygd. Det kjekke med slike plassar er at ein heile tida får selskap av kjentfolk. Eg har jo sjølv vore kunde hjå Engeline, og følt på kor viktig det er med slike samlingsplassar, seier Marcelius.

Nøgd morgonkaffi-gjeng

I starten skal han fungera som dagleg leiar, men ettersom han også jobbar som kokk i Nordsjøen, treng han sårt ein hjelpar eller to.

- Først av alt treng me ein allsidig kokk. Så kan eg heller jobba her framme med kundane når eg er heime, seier Marcelius.

Måndag morgon fekk han prov på at kafeen også har vore sakna i kvardagen.

- Då eg kom hit i dag, sat det sju stykk utanfor og venta på at me skulle opna. Det er gjengen som har brukt å møtast her for morgonkaffi i årevis. Eg reknar med dei er godt nøgde med at me har opna dørene igjen, humrar Marcelius.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fint supplement

Både Svein Arne, broder Sverre og Terje Hatvik er førebudde på at det vert litt dugnadsarbeid i tida framover for å få kafeen skikkeleg på fote igjen.

- Det blir nok nokre travle dagar innimellom, men mest av alt trur me det blir kjekt. Det er artig å ha ein plass som denne å brenna for, seier kokken.

Planen er å ha ope kvar dag. I helga vert det ope til klokka 23.00.

- Til sommaren opnar restauranten i Torgbygget. Trur du det får negative konsekvensar for drifta her?

- Nei, faktisk ikkje. Eg trur det er rom for fleire alternative møtestader i Os. Fleire tilbod syt for at fleire folk finn vegen til Os sentrum. Eg trur berre det er positivt med fleire serveringsstader, seier Marcelius.