Berit Osmundsen (35) vert ny dagleg leiar for Oselvarverkstaden.
Berit Osmundsen (35) vert ny dagleg leiar for Oselvarverkstaden.

Osmundsen overtek i Oselvarverkstaden

Ei 35 år gamal tobarnsmor med lidenskap for båtbyggjartradisjonen i Os vert Åsmund Liens etterfølgjar.

Øystein Lid

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no

- Gratulerer! Denne veka vart du valt som ny leiar for Oselvarverkstaden. Korleis gjekk det til?

- Åsmund går av med pensjon til neste år. Han har spurt meg fleire gonger om eg vil overta. Dei første gongene sa eg nei. Eg er båtbyggjar, og det er det eg har lyst å halda fram med. Til slutt takka eg ja, men då på vilkår av at enkelte administrative funksjonar vert forenkla og at eg får halda fram med å byggja båtar. Eg startar i jobben i juli til neste år.

Osmundsen vert leiar for eit team på fire båtbyggjarar og ein lærling.
Osmundsen vert leiar for eit team på fire båtbyggjarar og ein lærling.
Osmundsen er vane med å gje omsyningar i verkstaden.
Osmundsen er vane med å gje omsyningar i verkstaden.

- Å stå i spissen for Oselvarverkstaden må vera ganske krevjande?

- Eg er ganske audmjuk i forhold til oppgåva. Me er fire båtbyggjarar og ein lærling her - stort fleire personar som kan byggja Oselvar finst det ikkje i heile landet. Mange båtbyggjartradisjonar rundt om i Noreg har gått tapt, og det var berre nett så vidt at vår tradisjon i Os overlevde. Det tek sju år å berre koma inn i det grunnleggjande med båtbyggjarkunsten. Å forvalta dette, kjennest som eit stort ansvar.

- Korleis ser du for deg framtida for Oselvarverkstaden?

- Oselvarverkstaden er ganske unik. Det er den einaste stiftinga som driv på denne måten, som ein verkstad der handverket vert halde i live i kombinasjon med omvisingar for turistar og andre interesserte. Økonomisk kan det vera utfordrande. Heldigvis får me støtte både frå fylket og Os kommune. Me manglar ikkje arbeid, og har alltid nye bestillingar på båtar. Men me tapar pengar på å byggja nye båtar - det kostar oss meir enn me tener på salet. Me kunne ha laga ein forenkla oselvar-versjon som hadde vore lettare å masseprodusera, og dermed fått inn meir pengar. Men då hadde me svikta oppgåva, som er å ta vare på dei gamle båtbyggjarteknikkane.

- Ein ny oselvar kostar rundt 120.000 kroner. Har du sjølv ein oselvar til privat bruk?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg vil nok ikkje få råd til ein ny oselvar før eg vert pensjonist. Men eg har kjøpt meg ein gamal ein, frå 1960-talet. 7.000 kroner kosta han. Han ser ut til å vera bygt på Drange.

- Kan du sjå kvar i Os han er bygt?

- Ja, av og til kan ein det. Dei ulike slektene utvikla visse særtrekk. Nokre brukte kraftige band, andre brukte smale band. Slike ting. Båten min er ein liten og lett 9-alning. Eg brukar båten til å fiska litt, mest i helgene og stundom på ettermiddagstid.

- Kva var det som gjorde at du valde å bli båtbyggjar, eigentleg?

- Eg kan ikkje tenkja meg noko betre yrke. Her får eg bruk for så mange av mine personlege interesser. Ein får jobba ein del ute. No om vinteren jaktar me på det beste tømmeret - furu og eik. Eg har også alltid vore interessert i tradisjonar og i praktisk arbeid. Og så synest eg det er fantastisk å kunna gå på jobb og berre vera heilt åleine i lag med båten eg skal laga.

- Det finst vel ingen båtbyggjarskule i Noreg. Kva måtte du gjera for å bli båtbyggjar?

- Det fantest ingen slik skule då eg skulle ta utdanning, i alle fall. No finst det ein forsøksskule i Fredrikstad. Først hadde eg lyst å bli skogsarbeidar, men sidan det var så mykje teori på yrkesskulen, vart eg lei og slutta. Den dag i dag meiner eg at det er for mykje allmenne teorifag på yrkesskulen. Ein får ikkje gode fagfolk på den måten. Men eg valde utradisjonelt, og gjekk på folkehøgskule i Nordland. Der hadde dei båtar, og me måtte gjera små reparasjonar på båtane. Ein gong fekk me besøk av ein båtbyggjarlærar frå Stockholm. Då fall bitane på plass for meg.

- Eg har høyrt noko om at du måtte jobba som avløysar for å få råd til å gå på den skulen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, eg jobba med kyr og sauer i "Lindås og Meland avløysarlag". Det var ein kjekk jobb.

- Du må ha vore ganske overtydd om at det var båtbyggjar du skulle bli, når du valde å tena pengar for å få råd til det på den måten?

- Ja, eg hadde trua på meg sjølv den gongen. Å gå utradisjonelle vegar, har vore veldig rett for meg. Men det kostar meir enn å berre velja som alle andre. Ein må ha tru på seg sjølv dersom ein skal gjera det.

Fødd:

Busett:

Sivilstatus:

Stilling:

Aktuell med: