Høgrearmskampen mellom Frode Veim Haugland og Arne Thuen vart tøff.
Høgrearmskampen mellom Frode Veim Haugland og Arne Thuen vart tøff.

Osingane imponerte i eigen storstove

Utøvarane frå Os Håndbakklubb imponerte stort i WAL-kvaliken i AMFI Os laurdag.

Det var tett med folk framfor handbakbordet ved fontenen i AMFI Os store deler av dagen. Med i ni osingar i aksjon og nesten femti deltakarar totalt vart det mange gode kampar å sjå på.

Intim atmosfære

Landslagssej David Eilertsen var på plass og fungerte både som kommentator og administrator.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette er veldig kjekt. Her kjem publikum tett på, og utøvarane får godt med høve til å visa seg fram, sa Eilertsen til Os og Fusaposten.

Blant utøvarane frå Os gjekk brorparten vidare til neste WAL-kvalik i London i midten av mars.

- Ettersom dei seks beste i kvar klasse går vidare får me truleg ein seks-sju vidare. Det bør me, sa leiar i Os HK, Frode Veim Haugland.

Lisbeth Fagerheim, Ronny Risøen, Eivind Bøe Johannessen, Frode Veim Haugland, Tore Matre, Erlend Hjertholm og Arne Thuen.
Lisbeth Fagerheim, Ronny Risøen, Eivind Bøe Johannessen, Frode Veim Haugland, Tore Matre, Erlend Hjertholm og Arne Thuen.
Ronny Risøen glisar godt etter å ha vunne ein tøff fight mot ein av gutane frå Bergen Håndbakklubb.
Ronny Risøen glisar godt etter å ha vunne ein tøff fight mot ein av gutane frå Bergen Håndbakklubb.

30-åringen hadde alt kvalifisert seg for finalen i både venstre og høgre arm i - 88 kg. klassen.

I høgre arm skulle han møta Arne Thuen.

- Me har gått mange tette kampar Arne og eg. No er me i alle høve vidare uansett, smilte Haugland.

Åtte kvalifiserte

Blant dei andre osingane som skaffa seg London-billett var: Tore Matre i høgre og venstre arm i - 102 kg, Arne Thuen i høgre arm - 88 kg, Ronny Risøen i høgre og venstre arm - 88 kg, Eivind Bøe Johannessen i høgre og venstre arm i - 102 kg, Per Kristian Helland Rundhovde i + 102 kg, Andrea Drange i høgre og venstre arm open klassse kvinner og Lisbeth Fagerheim i høgre arm kvinner open klasse.