Kjell Magnus Økland meiner det ligg eit stort ansvar på osingar når det gjeld å bruka og ivareta tradisjonane kring oselvaren.
Kjell Magnus Økland meiner det ligg eit stort ansvar på osingar når det gjeld å bruka og ivareta tradisjonane kring oselvaren.

Oselvaren i sentrum

Oselvaren stod bokstavleg i sentrum då Kjell Magnus Økland lanserte boka «Oselvar den levande båten»

Og det var ikkje berre éin. Heile seks oselvarar hadde "flote" opp frå elvebreidda og inn til sentrumkvartalet laurdag føremiddag.

Dei to siste var berre nære slektningar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har seks ulike versjonar av oselvaren her i dag. Dei to som står lengst bort mot torget er oldeforeldra til oselvaren. Den eine er kalla halsnøybåten og den andre er kalla gokstadfæringen. Sistnemnde har vore laga så langt til bake som til år 900 etter Kristus, fortel Kjell Magnus Økland.

Tre kilo oselvar

Tysnesingen har skrive det som for mange kan verka som det endelege kompendiumet om oselvaren. Heile tre kilo med informasjon er festa mellom to permar. Då skulle ein gjerne tru at det meste er sagt og skrive om temaet.

- Å nei du. Eg har fanga litt om historikken, byggekunsten og båten som bruksbåt, men me er ikkje ein gong starta med temaet. Heile poenget med boka er jo å få folk til å bruka denne flotte båten igjen. Me må ivareta arven etter forfedrene våre. Både elska og bruka oselvaren, messer Økland.

Kari Hope klina til og kjøpte ni kilo med oselvar-bok
Kari Hope klina til og kjøpte ni kilo med oselvar-bok
Totalt åtte båtar var utstilte i samband med boksleppet laurdag.
Totalt åtte båtar var utstilte i samband med boksleppet laurdag.
Åsmund Lien var sjølvsagt på plass for å få med seg oselvar-boksleppet.
Åsmund Lien var sjølvsagt på plass for å få med seg oselvar-boksleppet.

Han såg ut til å ha en solid horde tilhengjarar med seg på det laurdag føremiddag.

Nemd i boka

Det var nemleg bra med kø framfor bordet der han signerte boka. I tillegg var det stadig godt med nysgjerrige som kikka på dei åtte båtane som lett låg fortøya til brusteinen i gata.

- Eg klinar til og kjøper tre utgåver. Far min var svært interessert i oselvaren og historikken kring den. Han er dessverre gått bort no, men no kjøpar eg ein til meg sjølv og ein til kvar av mine to søsken, seier Kari Hope.

Tysnesingen meinte til og med at det var sjanse for at det stod om ho i boka.

- Eg var med å vinna NM i oselvarsegling i 1968. Det har du vel fått med, Kjell Magnus, undra Hope.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, du skal ikkje sjå bort frå det, humra forfattaren.

Han avslutta Os-utfarten sin laurdag med å halda føredrag for dei som ville i kommunestyresalen.