Snart kan kanskje desse få testa innebandy-utstyret i open hall i Oshallen om søndagane. (Arkvifoto)
Snart kan kanskje desse få testa innebandy-utstyret i open hall i Oshallen om søndagane. (Arkvifoto)

Osbadet vil starta open hall

Mange barnefamiliar i Os reiser til Slåtthaug og Kaland på open hall om søndagane. No vil Osbadet gje dette tilbodet i heimkommunen.

Osbadet har søkt om KUP-midlar til å starta open Oshall på søndagar med både hoppemadrass, rollerblades, innebandy, hoppeballar og turnmadrass.

Målet er å skapa eit aktivitetstilbod til små born, ungdom og familiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innbyggjarane i Os reiser i dag til Kaland og Slåtthaug for å nytta et slikt tilbud.

Noko av utstyret det no er søkt om mildar til er hoppemadrass,turnmadrass, rollerblades, løpehjul, små syklar, innebandy med vant, nokre ballar og hoppeballar og badmintonutstyr.

- Noko av utstyret kan også brukast til aktivitetstiltak utandørs i Os idrettspark om sommaren, vert det påpeika i søknaden.

Tilbodet er tenkt som ein uorganisert aktivitet for born og unge i Oshallen kvar søndags formiddag.