Os ungdomsskule: - Dårleg inneklima gjev hovudpine
I eit innsendt spørsmål til komande kommunestyremøtet tek Gisle Hesjedal (Ap) opp spørsmål knytt til inneklimaet ved Os ungdomsskule.
Gisle Hesjedal tek spørsmålet under opp i Os kommunestyre neste veke, 20. desember. Spørsmålet er stilt til ordføraren, som svarer i møtet.
Mogleg reklamasjonssak
"I møte i samarbeidsutvalet (SU) ved Os ungdomsskule 12.12.16 tok representanten frå elevrådet opp at det er dårleg ventilasjon og temperaturregulering ved skulen. Rektor stadfesta at for delar av skulebygget er det eit stort problem med dårleg luft og svingande temperaturar. Dette har vore eit problem heilt sidan nytt varme- og ventilasjonsanlegg vart installert under ombygginga. Døme på feil er m.a. spjeld som har vore montert feil veg, varmepumper som slår seg ut ved vêromslag og er ute av drift i lange periodar, lekkasjar i røyr som skal føra lufta fram til ventilane og feil ved innregulering av anlegget. Rektor meiner at anlegget framleis har fleire vesentlege manglar og at dette er ei mogeleg reklamasjonssak for kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Elevar og lærarar med hovudpine
Det skal tidlegare ha vore utført ei måling av luftkvaliteten. Denne vart utført i løpet av eitt døgn der klasserommet i store delar av tida ikkje var i bruk. Mykje tyder på at målinga ikkje viser eit realistisk resultat. Både lærarar og elevrepresentant i SU opplyser at både tilsette og elevar får hovudpine som følgje av det dårlige inneklimaet. På grunn av opplysningane som er komme fram i SU meiner eg kommunestyret har grunn til å vera uroa for arbeids- og læringsmiljøet til både tilsette og elevar. Det er òg grunn til å vera uroa for om investeringa som er gjort i varme- og ventilasjonsanlegget held den kvaliteten som vi bør kunna forventa.
Spørsmålet
Kva vil ordføraren gjera for at kommunestyret skal vera trygg på at vi har fått levert det produktet som vi faktisk har betalt for, og at vi samtidig kan vera trygg på at både elevar og tilsette ved Os ungdomsskule har eit forsvarleg inneklima?"