Os gutar 16 hadde god grunn til å jubla etter storsigeren over Fana torsdag.
Os gutar 16 hadde god grunn til å jubla etter storsigeren over Fana torsdag.

Os gutar 16 er krinsmeistrar i fotball

Med solide 7-3 mot Fana torsdag kveld er Os gutar 16 krinsmeistrar i 1. divisjon i fotball.

Ein servierende før 1. divisjon er ferdigspelt kunne Os gutar 16 altså feira KM-gull på Kuventræ. Etter å slått Fana komfortabelt 7-3 var KM-tittel i boks. Trass i striregn og svært så surt oktobervêr heldt mange ut på tribuen, for å få med seg dei gulsvarte sin sigersfest etter kampen.

- Eg er superstolt over desse gutane. Me har bruk minst 25 gutar på dette laget denne sesongen, og alle saman har ein del av æra for den tittelen me i kveld feirar, seier trenar Frode Lohne Sæle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skåringsballet  vart stara av Harry Moore. Han skåra to før Ole Martin (Ollis) Kolskogen putta på tre mål. Dei to siste måla vart skåra av Tobias Nøss og Steffen Kvamsdal.

- Fana har ein svært god spiss som er rask og har lågt tyngdepunkt. Han laga litt problem for oss i første omgang, men elles hadde me bra kontroll, seier Vegard Skeie

Os og Fusaposten kjem tilbake med reportasje med OsogFusaTV fredag ettermiddag.