Med mål om eit betre tilbod til våre abonnentar vil Os og Fusaposten frå og med fredag 3. mars kjem Os og Fusaposten koma ut tysdagar og fredagar i staden for onsdagar og laurdagar.
Med mål om eit betre tilbod til våre abonnentar vil Os og Fusaposten frå og med fredag 3. mars kjem Os og Fusaposten koma ut tysdagar og fredagar i staden for onsdagar og laurdagar.

Os & Fusaposten endrar utgjevingsdagar

Frå og med 3. mars vil lokalavisa koma ut tysdagar og fredagar.

Os & Fusapostens fyrste utgåve kom ut 20. juni 1987. Sidan den gongen har avisa koma ut kvar onsdag og laurdag. Men om halvannan månad vert det ei endring i rutinane både for abonnentane, annonsørar og dei tilsette i avisa.

- Målet med omlegginga er å sikra ein betre distribusjon av avisa til våre abonnentar, seier redaktør Jostein Halland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan Posten slutta med ombering på laurdagar, har avisa hatt ekstra utfordringar med distribusjonen, særleg i helga, til ein del av abonnentane.

- Tilbodet me har kunna gje til ein del av våre abonnentar har ikkje våre så godt som me skule ynska. Det må me berre erkjenna.

Ved å flytta til tysdagar og fredagar håpar avisa å skaffa seg større spelerom til å setja saman ein distribusjon som sikrar ei god ombering til alle.

- Den beste løysinga

Redaktøren vedgår at det er eit relativt stort grep å ta, men trur og håpar at resultatet for abonnentane og avisa i sin heilskap vert til det betre.

- Me har gått fleire rundar på kor vidt det er rett og bryta opp i eit så innarbeidd "mønster", og ser poenget med at me no går inn og endrar rutinane både for lesarane og annonsørane våre. Men me ser likevel dette som den beste løysinga for å oppnå ein betre distribusjon av avisa, seier redaktøren og held fram:

- I tillegg vert vonar me at både tysdagsavisa og særleg fredagsavisa skal framstå meir attraktiv som salskanal for annonsørane våre. Me har også eit redaksjonelt mål om å fylla fredagsavisa med meir utprega "helgestoff" enn det ein gjerne finn i laurdagsavisa i dag.