Orkanen kan treffa Os og Fusa
Orkanen som er meldt fredag, dreier sørover, og kan dermed treffa Os og Fusa med full styrke i morgon kl 14. Kan bli like sterk som «Nina».
I føremiddag melder vêrmeldaren Storm at orkanen som var venta å treffa med full tyngde på Møre, no dreier sørover.
- Prognosane viser no at det kan blåsa orkan frå vest, i Hordaland og Sogn og Fjordane, fortel Storm-meteorolog Solbjørg Apeland til TV2.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stormflo
Avhengig av lokale forhold kan styrken variera mellom full storm og orkan. Grensa for orkan er 32,6 meter i sekundet, medan det er meldt at vindkasta kan koma opp i 45 m/s.
I tillegg er det venta stormflo, slik det også var under orkanen «Nina» i fjor.
Ifølgje Storm vil vinden vera sterkast mellom klokka 14 og 15, og vara i rundt 4 timar.
Minnar om «Nina»
Apeland uttaler at det nye ekstremvêret minnar meir og meir om Nina. Då Nina traff Os og Fusa i fjor, vart delar av bygda isolert pga. falne tre, bilar og hus vart skadde, og straumen gjekk fleire stader.