Ordførar Terje Søviknes har forlova seg med Anne Fenstad, som han har vore saman med i snart tre år.
Ordførar Terje Søviknes har forlova seg med Anne Fenstad, som han har vore saman med i snart tre år.

Ordføraren fridde og fekk ja

Ordførar Terje Søviknes gjekk torsdag kveld ned på kne og fridde til sin kjære, Anne Fenstad, som svara med eit rungande ja.

Frieriet skjedde i eit lite kapell som Torstein Hetlevik har laga på Haaheim Gaard i Uggdal på Tysnes.

- Det var fantastisk stemningsfullt, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Var du nervøs?

- Nei, men eg var veldig spent. Eg måtte jo lure ho ned der. Tårene mine starta å trilla før hennes. Det var heilt fantastisk. Berre oss to, seier Søviknes.

Kom som eit sjokk

For Anne kom frieriet som eit sjokk.

- Det var veldig uventa, seier ho.

- Er Terje eigentleg ein mjuk mann?

- Ja, veldig. Det skal han ha. Han er følsam og god.

Ho tvilte ikkje på kva ho skulle svara.

- Tida med Terje så langt har vore eit eventyr. Han er ein utruleg flott mann. Terje er den beste, seier Anne.