(Presse
(Presse

Odd Nordstoga klar for Osfest

I samband med onsdagens Osfest-konsert i Nore Neset-hallen sleppte arrangørane fem nye namn. Blant desse, folkekjære Odd Nordstoga.

Tradisjonen tru slepp Osfest-arrangøren eit par namn om gongen, for å nøra opp om spenninga, og sikra seg god merksemd kring arrangementet.

- Tidlegare har me annonsert at Vamp er klare for fredagskvelden og at barnestjernene Markus og Martinus skal spela på laurdag. I kveld slepp me namnet på fem nye artistar, seier festivalsjef for Osfest, Ole Reinert Berg Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Folkekjær og populær

Namna som vart offentleggjorte frå scenen kring midnatt er Heine Totland, Frode Alnæs, Odd Nordstoga, Maya Vik og Sigvart Dagsland.

Best kling kanskje namnet til Odd Nordstoga. Den folkekjære vise-trubaduren er ein erfaren og produktiv mann med heile 13 plater bak seg.

Etter debut-albumet «Something Odd» med bandet ved same namn, fekk Nordstoga sitt definitive gjennombrot med sin første soloplate «Luring».

Maya Vik kjem til heimbygda og spelar på Osfest fredag 5. august.
Maya Vik kjem til heimbygda og spelar på Osfest fredag 5. august.

Plata med den kjente låta om grisen som hyler, altså «Kveldssong for deg og meg» gjorde telemarkingen til ein av landets mest etterspurde artistar og selde heile 160.000 eksemplar. I 2004 vart Nordstoga også kåra til Årets Spellemann for dette albumet.

Heim til Os

Ein annan artist som garantert kjem til å få sitt publikum i Os er Maya Vik. Osingen, som dei siste åra har satsa solo, kjem med fullt band, nystemt bassgitar og ei lengsle etter å presentera musikken sin for sine tidlegare sambygdingar.

- Me er ekstra nøgde med å få lansera ein av dei kulaste osingane me har. Maya har spelt i ei rekkje gode band, som Furia, Montée og Paul Waaktaars Savoy og har ein enorm rutine som artist, seier Ole Reinert Berg Olsen.

Solo-låtane hennar «On it (Kapow!), «Oslo Knows» og «Fighter» har vore hyppig spelt på norsk og amerikansk radio, og sistnemnde låg på P3s speleliste heile sommaren 2014.

VIP-telt-konsert

Både Nordstoga og Vik spelar på fredagskvelden (5. august). Det same gjer «Dance With A Stranger»-gitarist Frode Alnæs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigvart Dagsland spelar laurdag.

- Alle desse spelar på hovudscenen. Unntaket er Heine Totland og hans «Sensational Rock'n'Roll Circus». Dei spelar i VIP-teltet torsdag 4. august, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Han legg til at dei kjem til å offentleggjera mange fleire artistar utover nyåret.

- No har me sju artistar/band. Me kjem nok med minst ti til. Elles vert det jo ein del fleire artistar enn Heine Totland som skal spela i VIP-teltet om torsdagen. Dette med VIP-telt blir nytt av året og gjev oss ein del fleire moglegheitar, seier festivalsjefen.