Bjarte Solvang, Anders Hjartnes, Trygve Vangsnes, Ingvild Berlandstveit og Martin Femsteinevik.
Bjarte Solvang, Anders Hjartnes, Trygve Vangsnes, Ingvild Berlandstveit og Martin Femsteinevik.

Nytt satsingslag for skiskyttarane

11 utøvarar frå Hålandsdal IL er klare for Hordaland skiskyttarkrets nye satsingslag, Team Gla'laks.

Tysdag vart det nye satsingslaget lansert på Hardanger Akvasenter i Fyksund. Team Gla'laks er det nye satsingslaget til Hordaland skiskyttarkrets etter at avtalen med Statkraft gjekk ut i vår og Team Statkraft med det vart historie.

Den nye sponsoravtalen er sett i stand av Lars Heine Kåsa. Han har. Ved hjelp av ein sponsorgruppering frå Hardanger til Trondheim kan så mange som 48 skiskyttarungdom frå Hordaland og Vik i Sogn og Fjordane få god støtte dei neste to åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterk region

Hordaland har mot alle klimatiske forhald blitt ein svært sterk skiskyttarregion med seks sterke klubbmiljø. Gjennom dei siste 20 åra har det utvikla seg ein prestasjonskultur som er unik. Utøvarar som Odd Lirhus, Eirik Kvalfoss, Anne Elvebakk, Liv Grete Skjelbreid, Egil Gjelland og Ann Kristin Flatland er berre nokre av dømene på det.

I samarbeid med store aktørar i havnæringa skal satsinga på unge skiskyttartalent no altså halda fram. Under Team Gla'laks-lanseringa denne veka sa leiar i Hordaland Skiskyttarkrets, Bjørn Tore Årevik mellom anna dette:

- Noreg og Hordaland er i verdstoppen både i laks og i skiskyting, så her er det god match. Med eit budsjett på 700.000 kroner er målet at løparane på teamet skal konkurrera i Noregstoppen og aspirera til representasjon internasjonalt og landslag. Med eit spissa opplegg og mykje kompetanse i ryggen er dette ei realistisk målsetting, seier Årevik.

Laks stod sjølvsagt på menyen under pressekonferransen for det nye skiskyttarlaget på Hardanger Akvasenter i Fyksund denne veka.
Laks stod sjølvsagt på menyen under pressekonferransen for det nye skiskyttarlaget på Hardanger Akvasenter i Fyksund denne veka.

Tilrettelagte treningar

For satsingsgruppa eldre junior og senior vert det eit tilrettelagt treningstilbod på Lillehammer der dei fleste bur og studerer. Kjartan Helland er engasjert som trenar for denne gruppa. Også dei yngre utøvarane vil få oppfølgjing frå hovudtrenaren.

- Alle Team Gla'laks-utøvarane vil få tilbod om å vera med på månadlege samlingar. Fusingane vil elles bli trena av Ann-Elen Skjelbreid, som me har godt samarbeid med, seier Årevik.

Første samling for det nye satsingslaget vert på Vikafjellet onsdag 24. juni til og med søndag 28. juni.