Det gjeld å kle seg godt i dag. Ifølgje Meteorologisk institutt kan det koma så mykje som 60 millimeter med nedbør i løpet av seks timar. (Arkiv
Det gjeld å kle seg godt i dag. Ifølgje Meteorologisk institutt kan det koma så mykje som 60 millimeter med nedbør i løpet av seks timar. (Arkiv

Mykje nedbør i vente

Frå klokka 12 i dag vert det vått. Skikkeleg vått. Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel for Hordaland.

Ifølgje nettsida til Meteorologisk institutt kan det koma mellom 40 og 60 millimeter nedbør i løpet av seks timar.

- Det er fare for lokale oversvømmingar, små jordskred og/eller flomskred der bygene treff, heiter det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også politiet åtvarar folk mot regnbygene.

- Ein lyt vera merksam på overvatn og alt det "vanlege" ved mykje nedbør, skriv politiet på Twitter.

Meteorologisk institutt bed folk om å følgja med på verradar og på varsom.no for oppdatert informasjon.