Framtidsplanen til Jone Kuven er klar. Han skal bli musikar, og er på god veg.
Framtidsplanen til Jone Kuven er klar. Han skal bli musikar, og er på god veg.

Multimusikeren Jone

Han let seg inspirera av alt frå KISS til klassisk. Søndag står Jone Kuven klar på scenen i Oseana med eit tre minutts langt musikalsk verk.

18 år gamle Jone Kuven fekk den store interessa for musikk mot slutten av barneskulen. På ungdomsskulen bestemte han seg for å satsa.

- Det var gjennom bandet KISS eg vart bitt av basillen. Dei var som nokre superheltar for meg. Dei spelte ein form for rock som var ufatteleg kul.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jone vart tidleg glad i bassgitaren. Firestrengaren har han spelt på sidan 6.klasse, og lidenskapen har berre utvikla seg. No går Jone på musikklinja ved Langhaugen Videregående Skole, Lina er krevjande, men han seier sjølv at det trass i lange dagar mest av alt er kjekke fag.

Jone har vore aktiv i kulturskulen i Os i fleire år, og talentet hans er det fleire som mar merkt seg. Då Glenn Erik Haugland starta Session Studios E39, var Jone ein av dei som vart spurde til å vera med.

Session Studio E39

Når ein høyrer ordet "komponist", assosierar ein gjerne med personar som Ole Bull, Edvard Grieg, Bach og Mozart. Dette inntrykket kjem kanskje til å endra seg snart. Det er nemlig ikkje berre "200-år" gamle menn som driv på og kallar seg komponistar.

Session Studios E39 er eit tilbod gitt til unge musikarar som ønskjer å laga musikk. Opplegget er utvikla med tanke på dei som vil utdanna seg vidare, og spesielt for dei som kan tenke seg å jobba med komposisjon. Musikarane nyttar mykje datamaskin som for å komponera.

Ungdommar frå ulike musikklinjar i Hordaland møtast 5-6 ganger i løpet av eit år. Elevar på skular som Langhaugen, Kongshaug, og Stord er representerte i opplegget. Det er likevel ikkje berre for musikkelevar, alle er velkomne. Deltakarane har felles interesse for musikken, Utover det er dei særs ulike.

- Ein kan sei at vi driv med ulike sjangre. Moderne komponering er veldig fri. Tidlegare hadde komponistane bestemte reglar dei måtte retta seg etter, no står vi heilt fritt. No handlar det mykje om dyrking av eigne inntrykk. Det er ikkje så lett å forklara, men dette er noko av grunnen til at vi komponerar så ulikt.

På kvart møte blir dei gitt ei oppgåve til å løysa. Det kan både vera små oppgåver og større utfordringar. Jone fortel at på det siste møtet fekk dei litt å bryna seg på.

- Vi fekk i oppgåve å skriva eit verk på tre minutt for trekkspill og piano.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jone sitt treminutters verk skal framførast på søndag i Oseana. Verka til dei seks andre deltakarane skal også presenterast.

-Kva kan ein forvente å høyra?

- Ein kan forventa å høyra sju heilt ulike verk. Vi er så forskjellige, og dette kjem tydeleg til uttrykk. Dei som kjem for å høyra kan forventa iallfall eitt verk som vil falla i smak.

- Korleis er ditt verk?

- Eg driv mykje med kunstmusikk, altså samtidsmusikk. Det eg gjer er rett og slett å skrive for ulike instrument, Verket mitt kan nok kanskje høyrast litt rart ut, men eg meiner det er korleis folk oppfattar musikken som har betyding.

Sjølv om musikarane er såpass ulike, hjelp dei kvarandre, gir råd og samarbeidar. Den første oppgåve dei fekk var å laga musikk til ein kortfilm. Oppgåva vart løyst ved samarbeid

Leve som komponist

Det er uten tvil i stemma Jone fortel at det er komponist han vil bli.

- Det er ein veldig tøff bransje, men det er dette eg vil driva med.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva er planen for å få det til?

- No etter vidaregåande tenkjer eg å ta meg eit friår. Då vil eg fokusere meir på det å komponera, og satse med det bandet eg er med i, «HAGE». Vi er snart aktuell med ny singel. Seinare satsar eg på å studera komposisjon og/eller utøvande musikk. Når eg skal byrja å jobba blir det nok å ta imot bestillingar og komponere ut i frå desse.

Glenn Haugland er eit førebilete for Jone. Sjølv om dei held på med veldig forskjellig type musikk, så har Haugland klart å etablera seg som komponist. Dette er målet til Jone.