Roar Brekke er nominert til Komiprisen for showet "All verdens tid". Laurdag vitjar hardingen Strandvik. (Pressebilete)
Roar Brekke er nominert til Komiprisen for showet "All verdens tid". Laurdag vitjar hardingen Strandvik. (Pressebilete)

Morar fusingane

Komikar Roar Brekke har all verdas tid. Laurdag kjem han til grendahuset i Strandvik for å mora fusingane.

I bagasjen har Brekke showet "All verdens tid", som han er nominert til Komiprisen for i kategorien "Beste standup".

- Fusingane skal få trent lattermusklane sine på laurdag. "All verdens tid" er eit fantastisk flott show, og vi gler oss, slår leiar i grendahuslaget i Strandvik, Cathrin Valestrand, fast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje berre komikk fusingane kan gle seg til på laurdag. Når Brekke er ferdig, tek karane i Rustne Herrer over scenegolvet og sørgjer for god dansestemning i grendahuset. Ein skikkeleg heilaftan med andre ord.

- Førebels har vi lagt ut 200 billettar, men om pågangen er stor, kan vi laga plass til fleire. Då tek vi i bruk begge salane i grendahuset, fortel Valestrand.

Det er ikkje første gang Strandvik får besøk av ein standup-komikar. I august i fjor vitja Hans Morten Hansen bygda med showet "50 shades of Hansen".

- Det kjem god humor til Fusa også. Eit eventuelt overskot går til oppussing av grendahuset, seier Valestrand, som kryssar fingrane for fint vêr og mykje båtfolk laurdag.

- Ingenting er umogleg her inne, legg ho til.

I forkant av arrangementet er det stort sett styret i grendahuslaget som har teke på seg oppgåvene med å organisera det som skal organiserast. På sjølve dagen er ni vakter i sving, samt frivillige til å rigga opp og vaska ned.

- Det ligg mange dugnadstimar bak eit slikt arrangement, seier Valestrand.