Det stemmer diverre ikkje at "meir norsk olje er bra i eit klimaperspektiv", slik overskrifta i Os og Fusaposten for intervjuet med Terje Søviknes den 24. desember lyder, skriv Gunnar Kvåle.
Det stemmer diverre ikkje at "meir norsk olje er bra i eit klimaperspektiv", slik overskrifta i Os og Fusaposten for intervjuet med Terje Søviknes den 24. desember lyder, skriv Gunnar Kvåle.

Meir norsk olje og gass er ikkje bra for klima

Eg har von om at Terje Søviknes som olje- og energiminister vil bidra til å gjennomføra ein "føre-var"-politikk slik han har lova, ved at han let klimaomsyn vera overordna oljeproduksjonen. Kjem klimautviklinga ut av kontroll, vil me alle sitja att som taparar, skriv Gunnar Kvåle.

LESARBREV: I dei fyrste intervjua med Terje Søviknes etter han var utnemnd som olje- og energiminister gav han klart uttrykk for at klimaendringane i stor grad er menneskeskapte og at han ville føra ein "føre-var"-politikk i høve til klima. Men som ein kunne forventa, gav han ingen nye signal om ein meir klimavenleg olje- og energipolitikk. Han må sjølvsagt vera lojal i høve til regjeringa han no er del av og som framleis vil satsa på vidare leiting og utvinning av olje og gass, også i Barentshavet. Ein slik politikk bidrar til ei farleg klimautvikling.

Også norsk olje må raskt fasast ut

Norsk oljeutvinning kan ikkje stoggast "over natta", men klimaendringane krev at energisektoren blir fossilfri i løpet av få år. Det stemmer diverre ikkje at "meir norsk olje er bra i eit klimaperspektiv", slik overskrifta i Os og Fusaposten for intervjuet med Terje Søviknes den 24. desember lyder. Nei, det er redusert produksjon på norsk sokkel som vil gje lågare utslepp globalt. Statistisk sentralbyrå har konkludert med at for kvar prosent nedgang i norsk oljeproduksjon, er det sannsynlig at globale CO-utslepp vil gå ned med rundt ein million tonn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Analyser publisert i det kjende tidskriftet «Nature» viser at det ikkje er plass til olje- og gass frå Arktis om ein skal kunna avgrensa global oppvarming til mindre enn to grader. Klimaforskar Bjørn Samset frå Cicero seier til NRK at "det heng ikkje på greip" når oljebransjen meiner at det ikkje er nokon motsetnad mellom å avgrensa temperaturauken til mindre enn to grader og framleis bruk og utvinning av olje og gass i lang tid framover. Skal ein kunna nå målet om ikkje meir enn 1,5 grad global temperaturauke viser tal frå Det internasjonale energibyrået at alle energirelaterte utslepp må vera null innan 2040.

Norsk oljeproduksjon er ikkje rein

Søviknes seier til Os og Fusaposten at det grøne skiftet ikkje må gå for fort: "Viss du vil gjera noko med det global perspektivet og CO2-problematikken, er det heilt meiningslaust at me skal redusera hos oss". Han gjentek argumentasjonen frå norsk oljenæring om at norsk oljeproduksjon er reinare enn oljeverksemd i andre delar av verda og seier: "Norsk utvinning av olje har 50% av utsleppa som næringa har elles i verda". Men det stemmer ikkje. Dette har mellom anna vore tilbakevist gjennom brennpunkt-programmet «Oljelobbyisten» på NRK.

Utsleppa frå store felt i Saudi-Arabia er mykje lågare enn frå utvinninga frå mange felt på norsk sokkel. Professor Knut Einar Rosendahl ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet på Ås viser til at gigantfelt i Saudi-Arabia («Ghawar» og «Safaniya»), har utslepp på 50 og 30 kg CO?per eining produsert. Dette er mykje lågare enn frå fleire norske felt («Brage»: 215 kg CO? og «Veslefrikk»: 217 kg CO?per eining). Desse utsleppa er også langt høgare enn verdsgjennomsnittet på 134 kg CO? per eining. Dette viser at argumentet om at Norge må produsera olje på grunn av at me gjer det reinare enn andre, ikkje stemmer. Dessutan må ein hugsa på at rundt 90 prosent av utsleppa frå olje og gass ikkje kjem frå utvinninga, men frå forbrenninga.

Grunnlova krev vern av Arktis

Like før jul melde president Barak Obama, USA, og statsminisiter Justin Trudeau, Canada, at dei vil stogga vidare leitebring etter olje i Arktis. Dette grunngjev dei med at det unike økosystemet i desse områda må vernast mot oljesøl. Det er på høg tid at òg Noreg tek på alvor liknande konsekvensar av vidare leiting etter olje i våre arktiske område som er like sårbare.

Mange leiande juristar meiner at den norske stat braut paragraf 112 i Grunnlova då nye område i Barentshavet tidlegare i år vart opna for olje- og gassverksemd gjennom den 23. konsesjonsrunde. Paragrafen slår fast at staten skal verna om naturen og miljøet for framtidige generasjonar. Greenpeace har saman med Natur og ungdom og med støtte frå mange andre klima- og miljø-organisasjonar reist sak mot staten for å bryta denne paragrafen i Grunnlova.

Tapsprosjekt i Arktis

Gjennom den såkalla leiterefusjonsordninga tek staten på seg langt det meste av både leite- og utbyggingskostnadene ved oljeverksemda. Slik er me alle med på å subsidiera leiteboring også i Barentshavet. Mange økonomar, mellom andre den kjende investoren Jens Ulltveit-Moe, har karakterisert oljeleitingsprosjekt her som tapsprosjekt. Det er meiningslaust at staten, og ikkje selskapa sjølve, må ta tapet ved ei satsing på leiteboring som både er klimamessig farleg og økonomisk uforsvarleg.

Kva klimasituasjonen krev

Søviknes sa at han ville bruka jule- og nyårshelga til å lesa seg opp på norsk olje- og energipolitikk. Han må òg setja seg inn i klimasituasjonen. Ut frå det han har sagt om ei "føre-var"-haldning, er eg viss på at han forstår at ein god energipolitikk må planleggjast slik at den bidrar til å førebyggja ei klimakrise.

Eg vil tru at Søviknes forstår at ei føre-var-holdning i høve til klimasituasjonen betyr at oljeverksemda må fasast ut atskilleg raskare enn det regjeringa i dag legg opp til. Det er då viktig å sørgja for at dei som misser jobbane i oljeindustrien kan sysselsetjast i andre næringar. Det vil skapa mindre problem for oljearbeidarane om ein sikrar ei rask omstilling som blir styrt politisk og som ikkje kjem som eit resultat av ein bråstopp ved at fossile brennstoff raskt mister verdi dersom regjeringa for seint forstår kva som er naudsynt å gjera.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gunnar Kvåle

Austre Lurane

Os