Det vart ein storslått og flott opningsseremoni då to Os-kor opna Oselvardagen laurdag.
Det vart ein storslått og flott opningsseremoni då to Os-kor opna Oselvardagen laurdag.

Mannssterk og magisk opning

Det vart ei magisk opning på oselvardagen då me fekk servert Os Mannskor i stereo i Oshamn laurdag føremiddag.

Gjestene frå Os i Østerdalen vart sjølvsagt tildelt gjestebrygga då kora frå Os og Os skulle opna oselvardagen laurdag. Vårt eiga «Os Mannskor» fann seg mannsterkt til rette på Esso-sida.

- Dette blir spennande. Me har sjølvsag aldri gjort noko liknande, men det kan jo bli ein tradisjon, sa formann i Os Mannskor, Jan Terje Skutlaberg, før opninga var i gang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tilfeldig treff

Kontakten med Os Mannskor frå Os i Østerdalen vart tilfeldig oppretta ein sommardag i 2008. Vidar Fristad frå "vårt" Os Mannskor var då på trebåtfestival i Grimstad. Her såg han Os i Østerdalen sitt mannskor for første gong. Etter at dei hadde hatt framsyning, kom han i prat med dei og spurte om ikkje dei to kora burde treffast. For to år sidan var osingane på vitjing i Østerdalen. Denne helga var det altså austlendingane sin tur til å koma til Os i Hordaland.

- Det er veldig kjekt. Me er ein svær gjeng i dag. Me herifrå er kring 40, medan dei er 25, fortalde Thore Lunde i Os Mannskor.

Dirigentar i båt

Framfor imponerande mykje folk både på gestebryggane og på Osbrua framførde dei to kora kvar si utgåve av «Ossongen».

Gjestene frå Østerdalen fekk æra av å starta, og nett då dirigent Jo Ryen sette dei i gang, stakk sola fram frå bak Oselvarverkstaden og spegla seg vakkert i vatnet i mellom dei to kora.

Dei to kora sine dirigentar leidde kora om bord i kvar sin Oselvar midt mellom breiddane. Då Marius Dale Romslo starta vårt eige kor, og Os-songen lydde kraftig og firstemt over den vesle fjorden vart det eventyrleg vakkert.

Burde stengt

Ideen til korstuntet i Oshamn var det kormedlem Olav Solberg som kom med. I lag med Kjetil Osablod Grønvigh ved kulturkontoret vart ideen ferdigsmidd og etter kvart planlagt ned til "nesten" den minste deltalj.

- Det vart magisk og flott, men eg ser i ettertid at me burde stengt trafikken på Osbrua. Den øydela litt av det heile, men det fiksar me neste gong, for fleire gonger må det bli, smilte Osablod Grønvigh etter den originale opninga.

Deretter forflytta folk seg til Oselvarnaustet. Kring 300-400 frammøtte høyrde der ordførar Terje Søviknes ønska velkomen, og Rune Søvik frå Oselvarlaget informera om dei vidare aktivitetane for dagen. Og så var det endå litt flott korsong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både Os Mannskor Østerdalen og Os Mannskor Hordaland framførte eit par songar, før dei i lag avslutta konserten med ei felles framføring av Vamps «Liten Fugl» etterfølgd av stor applaus frå dei frammøtte.

Sterk Os-båt

For borna hadde Oselvarlaget i samarbeid med Oselvarverkstaden laga til ein arbeidsplass for born. Her fekk dei laga trebåtar med strikkmotor. Ved sida hadde dei laga små basseng som borna kunne prøva båtane i.

For dei vaksne var det kapproing som stod på programmet.

Først kamp for dagen var den såkalla ordførar-duellen. Os i Østerdalen hadde med seg orføraren sin Arnfinn Nergård. I lag med dirigenten frå mannskoret hans, Jo Ryen, kjempa dei

mot varaordførar i Os, Marie Lunde Bruarøy og dirigent Marius Dale Romslo. Sistnemnde par var mange hakk betre, og rodde taktfast og majestetisk inn til soleklar siger.

Like etter stod tidlegare dirigent i Os Mannskor, Jan Ove Petersen, og ein annan frå koret vårt for nok ein siger over gjestene frå Østerdalen.

Tralla i båten

I politikar-duellane vart det tøffast for Frp-roarane.

- Dei får køyrt seg i dag. Alle vil jo ro mot Frp, sa Osablod Grønvigh.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokon som ikkje hadde særleg trua på siger var Fredrik Dahle Kristiansen og Hans Marius Johnsen frå Os Rockeklubb. Dei to skulle ro mot representantar frå Os Roklubb og hadde bestemt seg for å gje det heile ein litt meir musikalsk vri.

- Me skal spela medan me ror. Det blir stemningsfullt som bare det, humra duoen.

Etter kvart som dei politiske aktørane fekk passet sitt påskrive for sine mangelfulle ro-kunnskapar, kom sjølvironien fint til sin rett.

- Hei, du. Ikkje skriv at Venstre glei rakt til høgre, eller at Venstre sakka akterut i valkampen. Skuld heller på Jon Sivert Rykkel. Det var han som ikkje hadde forma inne, skjemta Glenn Erik Haugland etter at dei gjekk tapande ut av sin duell.