Rockeklubben fekk 5.000 kroner frå Fusa Lions, og under føresetnad av at dei heldt gratiskonsert for unge menneske med nedsett funksjonsevne, ville dei få dobla beløpet.
Rockeklubben fekk 5.000 kroner frå Fusa Lions, og under føresetnad av at dei heldt gratiskonsert for unge menneske med nedsett funksjonsevne, ville dei få dobla beløpet.

Lions og rockeklubben saman om konsert

Torsdag 9. mars inviterer Fusa Rockeklubb og Lionsklubben i Fusa til konsert i Eikelandsfjorden samfunnshus. Menneske med nedsett funksjonsevne er særleg inviterte.

Konserten er særskilt tilrettelagt for menneske med nedsett funksjonsevne, og invitasjonen har gått til denne målgruppa også i Os, Samnanger og Tysnes.

Vinn-vinn

- Lionsklubben i Fusa ønskjer å gjera noko også for born og unge i heimtraktene. Så då Fusa Rockeklubb søkte om tilskot i fjor, opna det seg ein sjanse til denne "happeningen", fortel Synnøve Lien i Fusa Lions.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rockeklubben fekk 5.000 kroner, og under føresetnad av at dei heldt gratiskonsert for unge menneske med nedsett funksjonsevne, ville dei få dobla beløpet.

Dette har altså gått i orden no, og konserten kjem i stand 9. mars, med påfølgjande servering av vaflar og brus.

Stinn brakke

Fusa Rockeklubb starta opp for eitt år sidan og har øvingslokale på Vinnes.

Her er no 15 musikarar i alderen 15 til 40 år, som spelar alt frå metal til country. Publikum kan dermed venta seg litt av kvart under konserten.

Det er godt med plass i kafeteriaen og gangen på samfunnshuset, så invitasjonen har gått til menneske med nedsett funksjonsevne også i nabokommunane.

- Stinn brakke er målet. Då vert stemninga på topp. Vi håpar folk vil koma, for dette skal bli kjekt, lovar leiar i rockeklubben Håvard Grøndal Skåtun.