Velfortent applaus etter teppefall.
Velfortent applaus etter teppefall.

Leikande scenepar

Det kokte under overflata på kveldens urpremiere på stykket SUB i Studio E39 på Haugland.

- Velkomen til ei veldig merkeleg framsyning, spøkte komponist Glenn Erik Haugland og slo an tonen for «SUB - undersjøiske undringar frå Bjørnafjorden». Det nyskrivne stykket er i sin heilskap skrive av komponistekteparet Haugland og Heidi Tronsmo. Og SUB er eit overflødigheitshorn av musikk, lydar, film, symbolikk, dans, dialog og performance. Undervegs stiller duoen oss store og evige spørsmål. Som til dømes: Kan hegra meditera? Eller er det riktig å kasta terningkast på eiga lukke? Og kor har du eigentleg vore i heile vinter?

Kaos

Å vera publikum under SUB er ei intens oppleving av å ikkje forstå det du ser, og samtidig jobba intenst for å skapa meining i kaoset. I dialogane mellom Haugland og Tronsmo er det rom for både kjærleg kjønnskamp og alvor med glimt i auga. Ekteparet leikar seg på scena og kjemien dei imellom smittar over på oss i salen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikken er mørk og suggererande, og innimellom himmelropande vakker. Ikkje minst i det tangoliknande stykket (sjå video) som dukkar opp to gonger i løpet av framsyninga.

Det er ikkje om å gjera å skjøna SUB. Det held lenge å la seg riva med i undringa om kva det underbevisst er og kva som eigentleg rører seg under overflata i oss menneske. Eller i Bjørnafjorden for den del.

Bru-bodskap

Avslutninga er derimot ikkje av det subtile og abstrakte slaget. For når den rolege lyden av bølgeskvulp og måkeskrik akkompagnerar eit bilete av solnedgang over Bjørnafjorden, vert avløyst av motorbrøl og trafikkstøy, skjønar vi bru-bodskapen.

Det er eit leikent par som står på scena ilag.
Det er eit leikent par som står på scena ilag.
Heidi Tronsmo i ein følsam augneblink. Glenn Erik Haugland kan såvidt skimtast i spegelen bak.
Heidi Tronsmo i ein følsam augneblink. Glenn Erik Haugland kan såvidt skimtast i spegelen bak.

- De er dei modigaste menneska i kommunen, ropar Tronsmo til publikum etter teppefall.

Til helga ventar to nye framsyningar og etter det vert det vonadleg turne til resten av landet.