Leier han sitt siste kommunestyremøte i kveld?

Ifølgje VG og andre riksmedia er Terje Søviknes ein heit kandidat til å få ministerpost frå onsdag av.

Tysdag morgon skriv Verdens Gang at Terje Søviknes er ein heit kandidat til å få ein ministerpost når regjeringa no etter alle solemerke stokkar om på kabalen.

Sjølv held han korta tett til brystet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Av prinsipp kommenterer eg ikkje slike spekulasjonar når det drar seg til på denne måten, kommenterer Søviknes, som kan fortelja at han har fått godt og vel 30 telefonar berre no på morgonen.

Lokalavisa hadde eit intervju med Søviknes om dette temaet tidlegare i haust. Då avviste han at han var aktuell for å tiltre i regjeringa, og hevda at han hadde sitt fulle fokus på å vera ein godordførar i Os kommune

Endringar vil skje

Etter to år utan å byta ut ein einaste statsråd, kjem statsminister Erna Solberg onsdag til å gjera omfattande endringar i regjeringa, melderVG mellom anna.

Aftenposten spekulerer i kva ministerpost Søviknes eventuelt trer inn i.

- Han kan bli ny landbruksminister, eller bekle postar som næring eller fiskeri om Frp skal gjera byter med Høgre, meinerAftenposten.