Osbygdo lever godt. Framleis god vekst i tilflytting viser at Os er ein attraktiv kommune å bu i for alle generasjonar. Og med opninga av siste nybygg på Luranetunet friskt i minne ser ein at Os igjen leverer.
Osbygdo lever godt. Framleis god vekst i tilflytting viser at Os er ein attraktiv kommune å bu i for alle generasjonar. Og med opninga av siste nybygg på Luranetunet friskt i minne ser ein at Os igjen leverer.

Laila Reiertsen innstilt som ny varaordførar

Os ligg an til å få to kvinner i dei to øvste politiske posisjonane.

På torsdag skal kommunestyret formelt handtera permisjonssøknaden frå Terje Søviknes. I hans fråvær rykkjer som kjent Marie Bruarøy opp som ordførar, og ny varaordførar må veljast.

Laila rykkjer opp

Sundag kveld hadde Frp gruppemøte og innstilte Laila Reiertsen som til vervet som varaordførar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me hadde først ein diskusjon om me skulle følgja opprykksprinsippet eller om me skulle velja, men landa på det første, seier leiar Gustav Bahus.

Laila Reiertsen stod som nummer to på Os Frp si liste, og vart dermed det naturlege valet.

Hesthammar i formannskapet

Eirik Andre Hesthammar får også eit opprykk, og får fast møterett i formannskapet. Kommunestyret manglar dessutan ein person. Her blir han som no er første vara, Jostein Bøe, fast medlem.

- Det var eit godt møte, og etter at prinsippspørsmåla først var avklara, var me samrøystes om vala, seier Bahus.