Torstein Nordtveit Hjertnes, Henrik Styve Aarvik, Ida Aarvik Hjertnes og Live Styve Aarvik.
Torstein Nordtveit Hjertnes, Henrik Styve Aarvik, Ida Aarvik Hjertnes og Live Styve Aarvik.

Kvikt firkløver

- Ti gonger ti blir 100, seier Live Styve Aarvik. - 60 pluss 60 blir 120, legg tvillingbror Henrik til.

Éin ting er sikkert. Førsteklassingane på Søre Fusa oppvekstsenter kan rekna.

- Eg har lært meg å telja til... eh 1 million, nei 1 milliard, seier Henrik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje det einaste dei kan. Då Os og Fusaposten stakk innom mot slutten av dagen, hadde dei lesetime i lag med 2., 3. og 4. klasse.

- Eg les om Hakkebakkeskogen, fortel Torstein Nordtveit Hjertnes.

- Eg liker å lesa historier om dinosaurar. Det er gøy, seier Henrik.

I tillegg til alle dei sedvanlege skuleaktivitetane, har elevane på barneskulen ansvaret for 15 høner. For nokre dagar sidan skjedde det noko dramatisk.

- Det stod ein rev på skuleplassen, fortel Henrik.

- Og døra til hønsehuset stod open, seier Live.

Det var berre assistent Maud Markhus som var på skulen på det tidspunktet. Heldigvis greidde ho å hamla opp med reven.

- Det gjekk bra. Reven greidde ikkje å få tak i hønene, seier førsteklassingane og smilar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå hønene får dei egg. Egga sel elevane til foreldre, slektningar og andre som er interesserte.

- 12 egg kostar 36 kroner. Det vert tre kroner per egg, slår firarbanden fast.

Nett no er det dei eldste elevane på skulen som har hovudansvaret for hønene. Til neste år er det førsteklassingane, som då er andreklassingar, sin tur. Det gler dei seg til.

- Vi skal stella godt med dei. Glade høns lagar gode egg,

På spørsmål om dei har lært noko anna på skulen, dreg førsteklassingane fram viktigheita av å gjera som dei får beskjed om. Høyrer elevane etter og følgjer opp beskjedane vankar det nemleg klinkekuler i premie. Og har dei nok klinkekuler, då vert det...

- Film og kake, seier dei yngste elevane på Søre Fusa oppvekstsenter og glisar.