Hans S. Vindenes ønskte Atle Kvåle lukke til på ferda. - Du veit ikkje alt kva du skal vera med på, men du har å gle deg til, sa den avtroppande ordføraren.
Hans S. Vindenes ønskte Atle Kvåle lukke til på ferda. - Du veit ikkje alt kva du skal vera med på, men du har å gle deg til, sa den avtroppande ordføraren.

Kvåle overtok klubba

Etter 12 år og 8 dagar i førarsetet i Fusa kommune, gav Hans S. Vindenes (Sp) frå seg ordførarklubba- og kjedet til Atle Kvåle (Ap) i går ettermiddag.

Konstitueringa gjekk som planlagt i Fusa. Atle Kvåle tok over ordførarvervet, medan Magne Djuvik (Frp) vart utnemnt til varaordførar.

Opposisjonen, beståande av Høgre og Senterpartiet, presenterte Svein Lang (Sp) og Aud-May Boge (H) som motkandidatar til dei to verva, men fekk berre 9 røyster.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ap/Frp/KrF/V sine kandidatar fekk 12 røyster.

- Stor tillit

Den nye ordføraren nytta høvet til å takka Vindenes for den innsatsen han har gjort for fusingane.

- Ein vert ikkje valt til ordførar fleire gonger på rad utan vidare. Det tyder at ein står for noko som folk liker, og at innbyggjarane er nøgde med det arbeidet som ein gjer, sa Kvåle.

Ordføraren gratulerte òg alle kommunestyrerepresentantane med plass i kommunstyret.

- Det er ei tillitserklæring å få ta del i det politiske arbeidet. Det skal de vera stolte av. Ikkje la det gå til hovudet på dykk, men de har lov til å vera stolte, sa han.

Nye formannskapsmedlemer

I konstitueringsmøtet vart òg dei nye formannskapsmedlemene valde. Ap/V og Sp/H hadde fellesliste. Dermed var det fire lister å velja mellom.

Lista til Ap og V fekk seks røyster, og Atle Kvåle (leiar), Anne-Grethe Gjerdevik og Hans Ekeberg vert faste medlemer av formannskapet. Gustav Folkestad, Agnete Digranes Årvik, Helge Mjånes og William Lindborg er vararepresentantar.

Lista til Sp og H fekk ni røyster. Svein Lang, Mikal Leigland, Margunn Samnøy og Aud-May Boge er faste medlemer, medan Peter-Hans de Zwarte, Jan Birger Landøy, Lars Erik Dalland og Rannveig Næss er varamedlemer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Listene til Frp og KrF fekk tre røyster kvar. Magne Djuvik vert fast medlem for Frp, Kristine Hjartnes og Roger Hoel varamedlem. Bjarte Samnøy representerer KrF i formannskapet på fast basis, medan Toralv Huse er vara.

Dala kontrollutvalsleiar

Leiar av kontrollutvalet vert Ola Dale (H), nestleiar Bergfrid Norheim (Ap).

Partia la fram éi liste i fellesskap som vart vedteken.

Kontrolutvalet består av fem medlemer. Dei øvrige er: Richard Markhus (Sp), Lin Cathrin Anthun (H) og Arild Heggland (V).

Sp og H sine varamedlemer er: Haldor Tuft (Sp), Linda Haugland Vik (H) og Hege Aase Tysnes. Ap, Frp, KrF og V sine varamedlemer er: Børge Skåtun (Frp), Norunn Markhus Rød (KrF) og Turid Glesnes (Ap).