Kva ville dei stemt i dag?
I år er det første året Marte Skåtøy (18) og Amalie Styrvoll (17) har noko dei skulle sagt i eit kommuneval. Om dei skulle valt i dag, ville dei "gått for Søviknes".
- Han får ting gjort. Han er effektiv, seier Skåtøy.
Styrvoll nikkar på hovudet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Helt einig. Han får ting gjort. Det er jo heilt supert, seier ho, før ho ser på veninna. Dei fniser litt. Dei fortel at dei ikkje har særleg god oversikt over dei lokale politikarane eller kva dei ulike partia kjempar for.
No skal dei bruka dei neste månadene på å lesa seg opp og tileigna seg kunnskap, slik at dei har betre oversikt når dei skal stemma til hausten.
Kven er dei?
Skåtøy har budd på Drange heile livet, medan Styrvoll er frå Søfteland. Dei er begge elevar på Os gymnas, og har vore veninner sidan dei fant tonen på Fagerli leirskule i 8. klasse.
Begge kjem frå ein familie på fem, og har dei same interessene som trening, venar og jobb.
Jentene er valt som førstegongsveljarar i samråd med rådgjevar på Os gymnas, Terje Bøthun, og kjem til å vera ungdomens andlet i «Os og Fusaposten» fram mot kommunestyrevalet.
Politikk er ikkje på bordet
Jentene fortel at det ikkje vert snakka mykje politikk i venegjengen. Heller ikkje kring middagsbordet i heimen.
- Det snakkar me lite om. Eg kan ikkje hugsa at foreldra mine har teke opp noko slik. Har det skjedd, så har eg nok berre ikkje vore interessert nok til å følgja med. Eg trur delar av grunnen er at me ikkje har noko me skulle sagt. I alle fall ikkje før no, seier Styrvoll.
Skåtøy har hatt nokre samtaler med mora den siste tida, men det er mest fordi ho skulle bli intervjua av «Os og Fusaposten».
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det har ikkje blitt snakka så mykje om tidlegare. Eg trur det er fordi me skal fatta våre eigne val utan at me skal bli påverka. Eg har òg inntrykk av at dei ønskte å halda vala sine hemmeleg, seier ho.
Etterlyser informasjon frå politikarane
Sjølv om jentene seier dei ikkje følgjer med på det som skjer i kommunale utval, har ikkje alt gått dei hus forbi.
Styrvoll er glad for at det vert bygd mykje nytt, og særskilt at det skal koma nye bustader mynta på førstegongsetablerarar.
Men "sånne ting som den nye brua", bryr dei seg lite om.
- Det er jo kjekt for fusingar, eller var det tysnesingar? jentene tenkjer litt høgt seg i mellom.
- Det var i alle fall noko med at det skulle bli kortare reiseveg til byen. Er det ei annan sak? Er det den tunellen det var snakk om, kanskje?
Dei kjem ikkje fram til noko, og lèt spørsmåla hengja i lufta.
Dei er samde i at mykje av ansvaret ligg på deira skuldrer når det kjem til å få meir kunnskap om kva som skjer i bygda. Samstundes etterlyser dei tettare oppfølging frå politikarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er kjekt når dei kjem på skulen og arrangerer debatt. Det burde dei gjort oftare, og ikkje berre ein gong rett før valet. Dei burde òg involvert ungdomen meir i saker som angår oss, seier Skåtøy.
Meiner eldreomsorga er god
Kva har så ungdomen meiningar om. Til dømes føler ikkje jentene temaet eldreomsorg angår dei i stor grad. Det er for langt fram i tid til at dei kan ta stilling til det.
Men dei fortel at dei har fått inntrykk av at dei eldre får den oppfølginga dei har behov for i Os kommune.
- Eg har familie som bur i seniorbustadene ved Luranetunet. Det er eit godt miljø der, og det er fint laga til, seier Styrvoll.
Skule har dei derimot sterke meiningar om.
- Det er bra at dei byggjer nye skular, og byggjer ut dagens skular, seier Skåtøy.
Men ho meiner politikarane kan ha endå større fokus på det som skjer i skulen.
- Lærarane må få den oppfølginga dei treng. Om lærarane får mykje fagleg påfyll, vil det bidra til ein betre kvardag både for dei og elevane, seier Skåtøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
Slutt på ignorering av politikken
Kva så med kjennskap til lokale politikarar. Veit dei kven dei skal sjå til for å få ønska sine oppfylt?
- Eg må vedgå at eg ikkje kjem på så mange namn i farten, seier Skåtun, og ser på veninna.
Etter litt om og men, kjem dei fram til fire namn. Bruarøy, Reiertsen, Søviknes og Rykkel. Dei har eit par namn til, men dei vil ikkje nemna dei i tilfelle dei ikkje er politikarar.
Kva parti dei ulike politikarane høyrer til veit dei heller ikkje.
No må dei slutta med å ignorera politiske saker i lokale medium.
- Eg plar sjå på bileta kven som er tilstades, men så går eg vidare. Som sagt, så har det aldri vore interessant for meg å ta stilling til politiske saker, då me uansett ikkje har hatt noko å seia, seier Styrvoll.
- Korleis vil de gå fram for å tileigna dykk kunnskap?
- No skal me følgja med i lokale medium. Kanskje me skal "googla" litt. Wikipedia er greit for å få litt bakgrunn. Eg vil også undersøkja om dei ulike partia har heimesider, seier Skåtøy.