Kuvending i skulesaka

Strandvik Vekst AS og Hålandsdal Vekst SA får kjøpa skulane i Strandvik og på Holdhus for 700.000 kroner kvar. Det sytte tre kommunestyrerepresentantar frå posisjonspartia for.

Då Fusa formannskap hadde møte for to veker sidan, gjekk fleirtalet inn for at skulane i Strandvik og på Holdhus ikkje bør leigast ut til dei to privatskuleaktørane.

Men då saka vart handsama av kommunestyret i Fusa i kveld, vedgjekk Bjarte Samnøy (KrF) at han har skifta side.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg må erkjenna at å vera politikar ikkje alltid er lett. Hensikten med dette er å få fred, sa Samnøy mellom anna då han gjekk på talarstolen i kommunetunet.

Frå posisjonspartia fekk han med seg Toralv Huse (KrF) og Kristine Hjartnes (Frp). Dermed smuldra posisjonen sitt fleirtal opp, og forslaget om å selja skulane til dei to privatskuleaktørane fekk til saman 13 røyster (Sp, H, KrF og Kristine Hjartnes (Frp)). Åtte representantar stemte mot (Ap, V og Magne Djuvik (Frp)).

Os & Fusaposten kjem tilbake med meir.