Klimavalgalliansen)
Klimavalgalliansen)

Klimavettreglar for kommunar

Me har lyst å snu merksemda i 'klimastafetten' til spørsmålet om kva me kan gjera på lokalt plan for å halda kloden vår frisk.

Klodens tilstand er alvorleg. Og, me må handla no. For alle klimagassar som me menneske allereie har sleppt ut til no, kjem til å påverka atmosfæren og havet i tusenvis av år. Ved å snu vekk frå fossile brensel kan me håpa at klimaendringane ikkje blir så dramatiske som det vert varsla om dersom me ikkje tek grep.

Treng ikkje venta

Me treng ikkje venta på Staten, det er mykje som kan gjerast på lokalt plan. I 2014 presenterte Klimavalg-alliansen eit hefte, «8 klimavettregler». Der finn me tips som kommunar kan bruka for å koma vidare i klimariktig retning. Kommunane er heilt sentrale klimaaktørar. Både som politiske aktørar, tenesteytarar, eigedomseigarar, byggherrar og ansvarlege for planlegging og tilrettelegging for gode lokalsamfunn, kan kommunane vera ei enorm grøn kraft!

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein klimavettregel gjeld 'miljøsertifisering og grønt forbruk'. Norske kommunar kjøper varer og tenester for fleire milliardar kroner kvart år. Ved å stilla strengare miljøkrav til leverandørar, kan kommunane motivera desse til å utvikla ny teknologi og nye berekraftige løysingar. Tanken er då at dei offentlege innkjøpa dreiar frå å få den billegaste løysninga til å få den beste løysinga for framtida.

Grønt blikkfang

Ein annan klimavettregel heiter 'fossilfrie investeringar'. Det handlar om å trekkja kommunale driftsmidlar, investeringsmidlar og pensjonsfond ut av bankar, fond og forsikringar som er involvert i kull, olje eller gassverksemd. I staden bør kommunens investeringar plasserast i grøne fond, fornybar teknologi og grønt næringsliv.

Aktuelle er tipsa om 'grønt næringsliv og grøne jobbar'. Då tenkjer me på Lyseparken i Os som kan bli regionens grøne blikkfang. Tenk om Os fekk merksemd frå heile landet etter ei storstilt satsing på klimavenleg næringsliv!

Bergen kommune har no sagt at dei vil vera "ein føregangskommune innen miljø, bærekraftig utvikling og tilpasning til klimaendringer", slik det heiter i den ferske Klima- og energihandlingsplanen for Bergen. Kva om Os kommune gjer seg attraktiv for innovasjonsmiljøa i Bergen, til ein stad der nye klimavenlege produkt kan lagast? Og der osingar får trygge, "grøne" arbeidsplassar.

- Når det regnar på presten, dryp det på klokkaren, heiter det frå gamalt av.

Til inspirasjon

Ved Christian Michelsens Institutt i Bergen vert det jobba med utvikling av hydrogenteknologi. Store bilprodusentar som Toyota, Hyundai og Honda sel hydrogenbilar, - CO2-utsleppsfrie bilar på lik fot som el-bilar. Men Noreg manglar tankstasjonar for hydrogen.

I Lyseparken kunne ein til dømes utvikla og produsera slike tankstasjonar. For lastebilar som køyrer på hydrogen er dette særs aktuelt. Norgesgruppen har fått bygd slike lastebilar som treng tankstader overalt i landet.

Dei kommunale klimavettreglane omhandlar i alt åtte tema: Klimasmart planlegging, grønn transport, miljøvennlig energi og bygg, miljøsertifisering og grønt forbruk, grønt næringsliv og grøne jobbar, klimavenleg mat, klimatilpassing og fossilfrie investeringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

I kvart tema finn ein relevante tiltak og gode eksempel. Og ikkje minst kan dei vera til inspirasjon for eigne tankar om kva som vil passa for din kommune.

Økonomisk gevinst

Desse tiltaka kostar ikkje alltid pengar. Mange har til og med økonomisk gevinst. Og forslaga vil gjera kommunen til ein betre plass å bu og arbeida i, sørgja for betre tenester til innbyggjarane og skapa levande, attraktive byar og bygder.

Alle kan vinna på å ta dei i bruk. Det vil gagna etterslekta og folk som bur under himmelstrok der dei er utsett for klimaendringar som allereie er på gang.

Bjørghild des Bouvrie

André Cornax