I 2013 vart det arrangert fotballskule i Nore Fusa for første gong, i regi av Ådlandsfjorden Idrettslag. No er det i ferd med å bli ein tradisjon. (Arkiv
I 2013 vart det arrangert fotballskule i Nore Fusa for første gong, i regi av Ådlandsfjorden Idrettslag. No er det i ferd med å bli ein tradisjon. (Arkiv

Klare for fotballskule

Fotballskulen i regi av Ådlandsfjorden IL, vert arrangert for tredje året på rad i Nore Fusa, og er i ferd med å bli ein tradisjon.

- Fotball står i sentrum onsdag og torsdag neste veke, men det er like mykje eit sosialt tiltak, som eit tilbod om fysisk aktivitet, seier Marita Osebakken. Ho er del av ein komitee på seks foreldre, som har jobba med fotballskulen i år.

Lokale sponsorar

Det ligg mykje arbeid bak det å arrangera fotballskule. Osebakken er glad for å sjå at dugnadsånda i Holmefjord og Boga er så god som den er.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er utruleg mange som stiller opp. Foreldre er aktive på kjøkenet og som trenarar. I tillegg har me fått mange lokale sponsorar med på laget, seier ho.

På Tine fotballskule i Nore Fusa er born frå heile barneskulen og fem-års-klubben i sving med fotballrelaterte aktivitetar neste veke. Per no er kring 50 born påmeldt, og arrangøren må seia stopp om dei passerer 80.

- Me har ikkje annonsert andre stader enn i Holmefjord, men det er ikkje berre born frå Holmefjord og Boga som er med. Det er ope for born frå alle bygdene i Fusa, men grunna begrensa kapasitet har me valt å ikkje annonsera, men alle er sjølvsagt velkomne så langt det er plass, seier ho.

Brann-spelarar på besøk?

Ådlandsfjorden IL har nytta Voss Cup som opplading til fotballskulen.

- Me reiste heile idrettslaget, som me plar gjera kvart år. Me hadde seks lag representert, og borna storkosa seg på cup. No er dei klare for fotballskule, seier Osebakken.

I fjor fekk dei besøk av to Brann-spelarar, og Osebakken håpar klubben sender nokre spelarar til Nore Fusa også i år.

- Me har vore i kontakt med dei, men det er mange som ønskjer besøk til sin fotballskule. Me får håpa dei kjem, seier ho.