Helge Steinum frykter at iveren etter å spara pengar vil føra til at ein likevel får ei dagløysing i Øyane. (Arkivfoto)
Helge Steinum frykter at iveren etter å spara pengar vil føra til at ein likevel får ei dagløysing i Øyane. (Arkivfoto)

Kan iveren etter å spara pengar gje dagløysing likevel?

Helge Steinum (Ap) er skuffa over at regjeringa ser ut til å lena seg på råda frå Øyvind Halleraker (H) og NHO Hordaland. Ap-politikaren fryktar at resultatet er ei dagløysing i Øyane.

I slutten av januar skreiv Bergens Tidende at Hordfast var blitt for dyrt, og at Halleraker som ein konsekvens av det, har føreslått fire tiltak i lag med NHO Hordaland som skal gje eit kostnadskutt på prosjektet i storleiksorden 11 til 15,5 milliarder kroner.

I dag skriv avisa at det er grunn til å tru at samarbeidspartia på Stortinget, H, Frp, V og KrF, har valt å lytta til nokre av råda til Halleraker og NHO.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skuffar Steinum, som trur konsekvensane for Øyane og Os vert store. Ap-politikaren ser artikkelen i BT i dag som eit nytt teikn på at ein går meir og meir vekk i frå ein senketunnel i Øyane.

- Enten blir det tunnel eller så vert det dagløysing. Om ein skal spara pengar, vert det dagløysing, trur han.

I BT heiter det: "Nord for Bjørnefjorden er det føreslått å utsetja bygginga av ein to kilometer lang tunnel mellom Moberg og Svegatjørn, og heller bruke dagens vei". Det forstår ikkje Steinum vitsen med.

- Skal vegen gå over i ein tofeltsveg for så å gå over i fire felt rett etterpå, spør han

Steinum meiner at indre trasé er langt meir samfunnsøkonomisk nyttig.

- Eg synest det er trist at regjeringa ikkje klarer å sjå det store biletet. Det verkar som om alt handlar om næringslivet sine interesser, og deira ønske om å spara 12 minutt på reisa mellom Stavanger og Bergen, seier han og legg til:

- Det må vera mogleg å snu. Vert prosjektet for dyrt, så må ein innretta seg etter det. Indre trasé er ikkje utgreidd skikkeleg enno. Det burde ein ha gjort før ein tek den avgjerda ein gjer no.

- Trur ikkje på dagløysing

Om kort tid skal samarbeispartia, med statsminister Erna Solberg (H) i spissen, ha pressekonferanse på Arna stasjon. Sjølv om Nasjonal Transportplan (NTP) i utgangspunktet ikkje skal lanserast før i april, er det venta at politikarane skal seia noko om ny E16 og jernbane mellom Arna og Stanghelle, og kanskje noko om Hordfast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os og Fusaposten har vore i kontakt med prosjektleiar for Hordfast, Signe Eikenes. Ho ønskjer ikkje å uttala seg om lekkasjar knytt til NTP.

- Vi får venta til pressekonferansen klokka 15, seier ho.

Eikenes deler ikkje Steinum si uro for ei dagløysing i Øyane.

- Eg trur ikkje dagløysing i Øyane er aktuelt. Utover det ønskjer eg ikkje å kommentera saka, seier ho.

Eikenes har tidlegare uttalt at potensialet for innsparingar på E39 Hordfast er stort.

- Vi vel billegare løysingar dersom dei er gode nok. Det kan til dømes vera kva materiale ein nyttar på brua, og kva dimensjonering av bølgjelast og vindlast vi legg til grunn. Så langt har vi vore konservative i berekningane våre, men resultata av målingane vi gjer på vind og bølgjer vil gjera oss flinkare til å dimensjonera riktig. Det kan føra til at prisen på brua går ned, seier Eikenes.

- Prøver å påverka

Ordførar Marie Bruarøy (H) deler Steinum si frykt for ei dagløysing i Øyane.

- Men vi gjer det vi kan for å påverka. Det er ikkje opp til Os kommune å bestemma kva løysing ein går for, men eg håpar at samarbeidspartia lyttar til høyringsuttalen vår der vi var tydelege på at vi støttar Statens vegvesen si tilråding om ein senketunnel.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bruarøy håper i det lengste at det ikkje berre er prislappen som bestemmer korleis brua og ilandføringa vert sjåande ut.

- Ferjefri E39 er eit prosjekt som regjeringa har vore veldig tydeleg på at ein ønskjer å få gjennom, men eg håper at dei lyttar til den fagetaten som finst når det gjeld vegutbygging, og at det til sjuande og sist ikkje er prislappen som vert avgjerande, seier ordføraren.