Louis Botnevik Eickhoff (9 år) klemte til og sette ny stemnerekord i lengde i klassen gutar 10 år i helga. Den tidlegare rekorden var på 3,55 meter. Louis hoppa 3,62 meter. Biletet er frå eit tidlegare stemne.
Louis Botnevik Eickhoff (9 år) klemte til og sette ny stemnerekord i lengde i klassen gutar 10 år i helga. Den tidlegare rekorden var på 3,55 meter. Louis hoppa 3,62 meter. Biletet er frå eit tidlegare stemne.

Hoppa til stemnerekord

Lysekloster stilte med heile 15 aktive friidrettsutøvarar i Nornalekene i helga. 9-åringen Louis Botnevik Eickhoff klemte til med ny stemnerekord.

I Nornalekene i Leikvanghallen var mange av landets aller beste friidrettsutøvarar samla for å konkurrera side om side. Unge lysefjordingar fekk med seg personlege rekordar, og mykje idrettsglede frå helga. Botnevik Eickhoff drog til og sette stemnerekord for lengde gutar 10 år. Den gamle rekorden var 3,55 meter. Lysefjordingen hoppa 3,62 meter. Maria Bos leiar friidrettsgruppa saman med mannen Arjan. Ho er ikkje overraska over resultatet til den unge guten.

- Det er veldig stas for Louis å setja ny stemnerekord. Han er eit talent, som er ivrig til å trena. Han er ung, men det er flott at han får resultat av å leggja mykje tid i trening, seier Bos.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blåste liv i friidrettsgruppa

Tre av dei 15 utøvarane var med i sin første konkurranse noko sinne. Dei yngste får prøva seg på 60 meter, lengde og kule, medan dei eldste har eit litt breiare øvingsutval, med hekk, høgdehopp og 200 meter i tillegg til dei overnemnde.

- Dei eldste er ti år, for vi har på mange måtar måtte starta frå grunnen igjen i Lysefjorden, seier Bos.

Tidlegare var det eit aktivt friidrettsmiljø i Lysefjorden. Men dei siste åra har det vore lite aktivitet. Maria og Arjan er begge tidlegare landslagsutøvarar i friidrett. Då borna deira begynte å veksa til, fann dei to ut at dei skulle pusta liv i friidrettsgruppa til Lysekloster Idrettslag.

Heile 15 unge, lysefjordingar tok del i stemnet i helga. Her er to av dei. Aksel Natås Sørstrømmen (t.h.) og Matias Dahlberg spring 60 meter (begge fødd 2008).
Heile 15 unge, lysefjordingar tok del i stemnet i helga. Her er to av dei. Aksel Natås Sørstrømmen (t.h.) og Matias Dahlberg spring 60 meter (begge fødd 2008).

- Det var lite aktivitet i friidrettsmiljøet i Lysefjorden. Då vi starta hausten 2015, var det ikkje eit ordentleg tilbod. No er det om lag 25 born på trening. Det har vore god oppslutning, seier Maria og smiler.

Nye konkurransedrakter

Maria meiner at det er viktig at det er eit breitt aktivitetstilbod til born, og er glad for å sjå at så mange er interesserte i friidrett. Til helgas stemne hadde dei også fått på plass konkurransedrakter med Lysekloster på ryggen.

- Dette har vi jobba med ei stund. Takk vere tidlegare Brann-spelar Helge Karlsen, som bur i Lysefjorden og jobbar for Kraft, og Loops som tok trykkejobben, har vi fått det til. Dette er veldig stas for borna, seier Bos.