Førstelaget til Søre Neset spelte seg opp utover i ranking-turneringa i helga. Til slutt kunne dei jubla for finalesiger og førsteplass. (Privat foto)
Førstelaget til Søre Neset spelte seg opp utover i ranking-turneringa i helga. Til slutt kunne dei jubla for finalesiger og førsteplass. (Privat foto)

Heva seg og vann rankinga

Søre Neset-damene reiste seg meisterleg etter ein dårleg start i ranking-spelet i helga. Til slutt vart det siger.

Utanom seriespelet er det to ranking-rundar for Søre Neset-seniorane denne sesongen. Den første gjekk av stabelen i Haukelandshallen no helga. Den neste avsluttar sesongen i april neste år.

Førstelaget til Søre Neset leier Hordalandsserien i 3. divisjon. Det er likevel ikkje skrive i stein at laget skal vera best i ranking-serien.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me mangla ein tre-fire viktige spelarar og visste at det vill bli tøft. Heldigvis hadde vi stigning i spelet og reiste oss meisterleg i turneringa, seier trenar Morten Asphaug.

Fekk revansje

I første kamp vart det siger mot BSI 3, men mot Gneist 3 fekk førstelaget frå Søre Neset tøff motstand.

- Me leidde komfortabelt i første sett, men underteikna laga gjorde nokre taktiske bommerter og laga altfor mykje rot og nerver. Resultatet vart tap.

Søre Neset vann andre sett 25-19, men i siste sett vart det tap 14-16. Dermed måtte laget gå via kvartfinale for å koma seg vidare i turneringa.

Her møtte dei Sotra som dei slo rimeleg greitt, før dei vann semifinalen over Knarvik med komfortable 25-20 og 25-12.

I finalen møtte dei nok ein gong Gneist 3. Denne gongen var osingane svært gira.

- Me ville ha raevansje og viste mykje vilje og glød, fortel Asphaug.

Søre Neset-jentene spelte svært godt og vann 2-0 etter settsifra 25-16 og 25-19.

Artikkelen held fram under annonsen.

Andrelaget hadde dessverre ikkje same stigning i forma denne helga. Dei tapte sine tre kampar og enda med det som sist i gruppa.