Medan mange av klassekameratane ved Os gymnas byrjar på høgskule og universitet skal Mikael Kirkevik Brekke på fotballskule til hausten. 18-åringen satser hardt på for å bli ein habil toppkeeper i Noreg.
Medan mange av klassekameratane ved Os gymnas byrjar på høgskule og universitet skal Mikael Kirkevik Brekke på fotballskule til hausten. 18-åringen satser hardt på for å bli ein habil toppkeeper i Noreg.

Hardtsatsande Sydenfarar

Denne veka er han på Syden-treningsleir med Lysekloster. Til hausten er Mikal Kirkevik Brekke klar for ni månader med fotballskule på Mallorca.

Då me prata med Mikal fredag ettermiddag, var han klar for avreise til Albir med Lysekloster A-lag. Treningsopphaldet på den spanske sydkysten er på ti dagar.

- Det blir ein liten forsmak på kva eg har i vente på Mallorca. Varmt vêr og gode treningstilhøve. Eg seier ikkje nei takk til det, seier Mikal.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

Utlån til Smørås

18-åringen gjekk frå Os til Lysekloster for eitt år sidan. Som tredjekeeper på A-laget til dei blå-kvite har han lært veldig mykje, men no er han klar for nye utfordringar.

- Når eg kjem heim att frå Spania-turen, går eg til Smørås. Der skal eg vera på utlån ut denne sesongen.

Her på Sunwing Resort sitt anlegg på Alcudia skal Mikael og resten av fotballskulegjengen på Mallorca Fotballschool bu frå no i september til april 2017.
Her på Sunwing Resort sitt anlegg på Alcudia skal Mikael og resten av fotballskulegjengen på Mallorca Fotballschool bu frå no i september til april 2017.
Ein del av løpetringa vert lagt til den nær 15 km lange Alcudia-stranden.
Ein del av løpetringa vert lagt til den nær 15 km lange Alcudia-stranden.
I samband med at fotballskulen no får eiga lag i ligaen har dei fått bygd ny bane og stadion på Alcudia.
I samband med at fotballskulen no får eiga lag i ligaen har dei fått bygd ny bane og stadion på Alcudia.

Han er klar på at speletid etter kvart vert viktig.

- Eg satsar alt på å bli ein så god keeper som mogleg. For å ta nye steg må eg få meir kamperfaring. Det håpar eg å få på Smørås sitt 4. divisjonslag, seier sørenesingen.

I påsken skal den store sydenfararen på ny tur.

- Då vert det retur til Spanias sydkyst. Denne gongen med A-laget til Smørås, humrar heldiggrisen.

- Du går siste året ved Os gymnas. Går du ikkje glipp av mykje skule?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det går heilt greitt. Siste turen er jo lagt i påske-vinterferien, seier Mikal.

Ni månader på Alcudia

Men det er det lengste og mest omfattande Syden-opphaldet keeper-talentet ser mest fram til. I september er Mikal nemleg klar for eit ni månader langt opphald med Mallorca Toppfotball på Alcudia. Osingen er ein av totalt 20 herrespelarar som har fått plass på den populære fotballskulen.

- Det blir utruleg spennande. Eg kjenner ingen andre som skal ned, men eg veit at ein må vera både talentfull og hardtsatsande for å få vera med, så eg reknar med det blir bra nivå på gjengen, seier Mikal.

Mallorca Toppfotball, tidlegare Scandinavian Fotballschool, er ein fotballskule med base på Alcudia. Lysekloster IL har i lengre tid hatt eit samarbeid med organisasjonen. Trenar Ørjan Sandal har også jobba som trenar på anlegget i Alcudia.

- Det var Ørjan som tipsa meg om skulen. Etter det eg forstår skal han ned å jobba der litt etter serieslutt her i Noreg, seier 18-åringen.

- Eit ni månader langt opphald på ein fotballskule på Alcudia koster vel nokre kroner?

- Ja, det kjem på kring 100.000 kroner.

- Korleis har du råd til det?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skal jobba litt for far min i stilasfirmaet hans no i sommar, elles vert det jo berre å spara flittig, smiler Mikael.

Ligaspel og cup

Nytt av året for elevane ved Mallorca Fotballschool er at dei skal danna lag og delta i den spanske ligaen. Ettersom dei er nye i systemet må dei starta på lågaste nivå, men på sikt håpar skulen sjølvsagt at laget tek seg oppover i seriesystemet.

- Me skal også vera med i ei stor eliteturnering for juniorlag. Det er først rundt påsketider neste år, men det blir uturleg kult. Cupen er kalla Mic-Cup og storlag som Barcelona og Real Madrid er blant storkubbane som er representerte, fortel Mikal.

- Kva håpar du å oppnå med opphaldet på fotballskulen?

- Først og fremst å bli ein betre keeper. Dessutan veit eg at me vil læra mykje om gode treningsvanar, sunt og godt kosthald, og det å ha rett fokus til det ein driv med.

- Kva mål har du for karrieren?

- Det første målet er å koma god nok tilbake til at eg kan stå i 2. divisjon for Lysekloster. Vidare er eg open for det meste. Eg skal jobba det eg kan for å bli best mogleg.