Gründerparken høgtidleg opna

Ordføraren klipte torsdag snora for det som skal bli rugekassen for nye arbeidsplassar i regionen, og Hans Fredrik Hag røpte løyndomen for å lukkast som gründer.
Publisert 09.02.2017 kl. 12.53.

- Det er ei stor glede for meg å erklæra Bjørnefjorden gründerpark for opna, sa ordførar Marie Bruarøy til rundt 50 frammøtte medan ho klipte ei gul snor. Ordføraren frå Tysnes, Kåre Martin Kleppe, hadde også teke turen over fjorden for det som skal bli ei regional og ikkje berre lokal satsing.

- For å få noko slikt som dette til å fungera trur eg det er ekstremt viktig å vera raus med kvarandre, og opne for alle nye idéar. I eit slikt perspektiv er ikkje kommunegrenser så viktig, sa næringssjef Daniel Skotheim til Kleppe.


To gründerar og seks i kjømda

Dei to første leigetakarane i den nye gründerparken er Lean Utvikling AS med ByggemAppen og Cato Lyssand som står bak firmaet Green Omega. Dei produserer Omega3-kapslar laga av mikroalger. I tillegg er det rundt 6 nye verksemder og gründerspirer som truleg er på veg inn.

- Målet med denne gründerparken er å bidra til etablering av nye arbeidsplassar i regionen, sa Skotheim i sin opningstale.

I gründerparken vil gründerane ha ein stad å byggja nettverk og dela erfaring frå det å starta noko nytt. Tilgang til møterom og tekniske fasilitetar er også på plass.


Løyndomen til suksess

Frå Bergen Teknologioverføring AS møtte dagleg leiar Anders Haugland, som i tillegg til mykje anna også er osing.

- For meg er det ekstra viktig at dette lukkast akkurat her. Eg har tru på at dette vil gje nye arbeidsplassar i bygda. Os er ein attraktiv plass å bu, og når du i tillegg kan jobba her, så vil det vera betre for både individet, kommunen og for næringslivet, sa Haugland.

Nyskapingsparken i Bergen er storebror til Bjørnefjorden Gründerpark med over 70 tilknytta verksemder. Hans Fredrik Hag i Nyskapingsparken fortalte om fleire av nøkkelfaktorane bak dei som lykkast som gründerar.

- Dei har ein idé, og dei er uredde og torer å satsa. Dei inngår samarbeid, skaffar pengar og jobbar vidare med idéen, sa Hag.

Han meinte vidare at mange forsømmer seg på eit viktig punkt: Å gå ut og treffa menneske for å få tilbakemeldingar på ideen, få nye idear eller kanskje ein ny kunde.

- Det krev ofte av oss at me går litt utanfor komfortsonen, men det er heilt avgjerande for å lukkast, sa Hag.


Lokalprodusert logo, mat og musikk

Elles var det lokale næringslivet involvert på mange måtar i opningsseremonien. Loops hadde laga den nye logoen og design på skilta i bygget, medan Silja Døsen Moberg i nystarta Osøyro Kolonial stod for cateringa. Ho stilte med grønsaker frå Hegglandsdalen, kjøt frå Moberg og egg frå Bøe, og såleis var også den lokale jordbruksnæringa representert. Simen Moesgård frå Nore Neset bidrog med live-musikk.

- Eg brenn eigentleg for sal, men samtidig har eg ei sterk musikkinteresse. Så eg tenkte: kvifor ikkje kombinera dei to? No reknar eg meg for ein musikalsk gründer, sa Moesgård. Han framførte to låtar frå sin første EP, Sjelevenner, som blir utgjeven i desse dagar.


Siste saker Gå til framsida

Inviterer til førstehjelpskurs

Os Røde Kors inviterer alle osingar på førstehjelpskurs. - Dette gjer vi for at flest mogleg skal få læra livreddande førstehjelp. Ikkje for å rekruttera, seier Kristian Strønen.